Aktuelt-arkiv

  • Silje Vallestad frå Florø og Silicon Valley, Nils og Ronny som programleiarar/kaospilotar og mange andre gode innleiarar kan du i år få med deg på IT-forumkonferansen som i år blir arrangert i Førde.

  • På oppdrag frå Finans Norge har Vestlandsforsking vore prosjektleiar for eit pilotprosjekt der det overordna målet har vore å styrke førebygging av naturskadar ved å teste ut verdien av å få tilgang til forsikringsselskapa sin skadestatistikk.

  • I siste nyheitsbrev frå Framtidsfylket kan du lese om kvifor forskar Halvor Dannevig valde å bli forskar ved Vestlandsforsking og flytte til Sogndal.

  • Ønskjer du ein interessant forskarjobb i eit utviklande miljø ved Fosshaugane Campus i Sogndal med rike mulegheiter til friluftsliv både sommar og vinter? Då kan dette vera noko for deg.

  • test
  • Skal vi greie å skape større verdiar i Sogn og Fjordane, er det viktig at bedriftseigaren, forskaren og den offentlige rådgjevaren stikk hovuda saman for å tenke og handle i lag. Dette blir ofte kalla eit trippel heliks-samarbeid. Eit samarbeid som omfattar alle tre partane, og ikkje berre samarbeid mellom ein eller to av aktørane, kan vere viktig for å få auka verdiskapinga i Sogn og Fjordane.
    (Av: Ingjerd Skogseid, VF, og Jon Gunnar Nesse, Høgskulen i Sogn og Fjordane)

  • Søkjer du nye og utfordrande oppgåver og kan tenkja deg å jobba med oppdragsforsking i nært samarbeid med næringsliv og offentleg sektor, både regionalt, nasjonalt og internasjonalt? Då kan dette vera noko for deg. Vi tilbyr eit tverrfagleg forskingsmiljø med gode mulegheiter for fagleg utvikling.

  • Ynskjer du å kombinera ein interessant forskarjobb i eit utviklande miljø ved Fosshaugane Campus, storslagen natur og rike mulegheiter for friluftsliv både sommar og vinter? Då kan dette vera noko for deg.

  • Halvor Dannevig frå Vestlandsforsking var med på å organisere tre sesjonar på ein stor konferanse i Canada i mai.

  • Bitcoin 2014 var ein stor konferanse om status for den mykje omtalte krypto-valutaen. Konferansen vart arrangert i Amsterdam 15. - 17. mai i år.

  • 4th International Conference on Web Intelligence, Mining and Semantics (WIMS’14) took place on June 2nd – 4th at Thessaloniki, Greece. The WIMS conference series was initiated by the Vestlandsforsking, as a part of the celebration of its 25th anniversary in 2011.

  • Kunnskap og data om naturskader er viktig informasjon for kommunane i samband med deira planprosessar. For litt over eit år sida starta Finans Norge eit pilotprosjekt med støtte av Klima- og miljøverndepartementet for å sjå på korleis forsikringsselskapa sine skadedata kan nyttast av kommunane.

  • Otto Andersen ved Vestlandsforsking skal leie ein sesjon på ein konferanse i Portland (USA) i juli. På konferansen legg han òg fram funn frå boka si om utilsikta følgjer av fornybar energi.

  • I siste nummer av tidsskriftet Plan viser forskar Eivind Brendehaug korleis endringar hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane (forvaltningssystemet) bidrog til endringar i verneplanprosessen for oppretting av Breheimen nasjonalpark i 2009, som i sin tur skapte eit vern med eit nytt innhald (substans) med løyve til å opprette eit kulturlandskapssenter inne i verneområdet.

  • Tema i NRK Sogn og Fjordane sin forskingsserie 30. april var miljøvenleg transport. Utgangspunktet for innslaget var eit prosjekt som Vestlandsforsking i samarbeid med Lerum Transport har gjennomført dei siste åra.

  • I ein artikkel publisert i det vitskaplege tidsskriftet Sustainability, drøftar professor Carlo Aall ved Vestlandsforsking spørsmålet om berekraftig reiseliv i praksis har fremja eller hemma ei berekraftig utvikling.

  • Klimaendringar kan føre til drastiske endringar for skisentera på Vestlandet, seier klimaforskar. Mange skitrekk er allereie stengde før påske, og slik kan det bli også i åra som kjem.