Forskar fagområde klima

Vestlandsforsking er eit forskingsinstitutt som utfører oppdrag for offentleg forvaltning og næringsliv både nasjonalt, regionalt og internasjonalt. Vi er 25 personar i eit spennande fagmiljø som arbeider med forsking innan klima, miljø, energi, IKT, regional utvikling og reiseliv. Vi held til på Fosshaugane Campus i Sogndal. På Campus er vi lokalisert i eit aktivt og internasjonalt forskings-, utdannings-, idretts- og bedriftsmiljø med over 500 tilsette og eit aktivt studentmiljø ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Sogn og Fjordane er kjend for fantastisk natur og gode forhold for aktivt friluftsliv sommar som vinter.

Vestlandsforsking søkjer etter ein eller to tverrfaglege forskarar innan fagområdet klima

Vi har for tida god prosjektinngang, og treng å styrke miljøforskingsgruppa vår på 12 personar med fleire medarbeidarar. Vi utfører forsking innan ei rekke område på klimaområdet som til dømes klimapolitikk, klimatilpassing, energieffektivisering, fornybar energi, transport og miljø.

Vi ser etter dyktige og motiverte medarbeidarar med erfaring frå forsking, helst med utdanning på doktorgradsnivå, med praksis frå samfunns-, teknologisk- og/eller naturfagleg innretta klimaforsking. Personar med mastergrad med interesse for tverrfagleg forsking på klimaområdet og med relevant utdanning og erfaring vil òg bli vurderte.

Du må vere sjølvstendig og trivast med å arbeide med oppdragsforsking. Det vil bli lagt vekt på formell kompetanse, vitskapleg publisering og anna dokumentert forskingsinnsats, personlege eigenskapar og nettverk. Vi legg vekt på gode samarbeidsevner og evne til å inngå i faglege fellesskap på tvers av disiplinar. Som forskar må du vidare ha god munnleg og skriftleg formuleringsevne både på norsk og engelsk.

Vi kan tilby fagleg interessante og utviklande oppgåver, godt arbeidsmiljø, gode samarbeidsnettverk, fleksibel arbeidstid, bedriftsidrettslag, gode pensjons- og forsikringsordningar og gode velferdsordningar.

Lønn etter avtale. Arbeidsstaden er Sogndal.

For nærare informasjon om stillingane:
Forskingsleiar Carlo Aall, tlf:99127222, e-post: caa@vestforsk.no
Direktør Merete Lunde tlf: 99607678, e-post: ml@vestforsk.no

Send søknad med CV og publikasjonsliste elektronisk til: post@vestforsk.no

Rettkjende kopiar av vitnemål og attestar/anna dokumentasjon sender du til: Vestlandsforsking, Postboks 163, 6851 Sogndal

Søknadsfrist er 20. august 2014