Vestlandsforsking og Høgskulen på Vestlandet arrangerer Campus seminar fredag 17. februar i "Trollsalen" ved Sogndal vidaregåande skule. Tema: "Er klimaløysinga å fjerne eller fange CO2"
I prosjektet "Sivil beredskap og klimasårbarheit" samarbeider Vestlandsforsking med Universitetet i Twente i Nederland. Som eit resultat av dette samarbeidet deltok forskingsleiar Carlo Aall frå Vestlandsforsking som førsteopponent på doktrogradsdisputasen til Maya van den Berg.
I ein kronikk i Sogn Avis skriv forskar Eivind Brendehaug at midlar til utviklingstiltak i verneområde er avgjerande for å skape vern på lokale premiss.
Forskarane Øyvind Heimset Larsen, Ingjerd Skogseid, Jon Gunnar Nesse og Torbjørn Årethun i VRI S&F er medforfattarar i to artiklar publisert i siste nummer av PLAN, tidsskrift for samfunnsplanlegging, bolig og byplan og regional utvikling.
På årssamlinga i det nasjonale forskningssenter for miljøvennlig energi CenSES (Centre for Sustainable Energy) i Oslo 9-10 desember innleia professor Carlo Aall frå Vestlandsforsking om årsakene til den overraskande reduksjonen i energibruk i hushaldningane som har skjedd sidan 1990.
IT-forum Sogn og Fjordane arrangerte nyleg studietur til India . 12 deltakarar frå offentleg sektor, privat sektor og forsking brukte ei veke til å gjera seg kjende med indisk IT-industri og IT-utvikling generelt i India.
Midt i alle meldingane om ekstremvêr, skred og flaum arrangerer Vestlandsforsking prosjektsamling i prosjektet "Arealplanlegging og beredskap for fremtidens klima - Arealklim" på Nordfjordeid 18. og 19. november.
Tema for konferansen i år var "Ny mobilitet i bygdene". Fire forskarar frå Vestlandsforsking hadde presentasjonar på konferansen i Trondheim 4. - 5. november.
Vestlandsforsking er medarrangør i den andre internasjonale konferansen i Freiburg (Tyskland) om dei psykologiske utfordringane ved å legge om til berekraftig turismemobilitet.
Same dag som Norges forskningsråd arrangerte sitt avslutningsseminar for forskingsprogrammet NORKLIMA, arrangerte Den Norske Forsikringsforening ei fagsamling med tittelen "Villere og våtere vær – hvem tar ansvaret? Hvordan skal ansvaret for værrelaterte skader fordeles mellom forsikringsselskaper, samfunnet, kommunene?"
Tidsskriftet The Economist har i eit av dei siste nummera (19. oktober) hovudtemaet "How Science Goes Wrong". Dei slår alarm om utviklinga i forskingsverda generelt. Det er for mykje publisering og for lite verifisering.