Forskinga i fare!

Tidsskriftet The Economist har i eit av dei siste nummera (19. oktober) hovudtemaet "How Science Goes Wrong". Dei slår alarm om utviklinga i forskingsverda generelt. Det er for mykje publisering og for lite verifisering.

Falsifisering
Vitskapen kviler på fundamentet av påstandar (hypotesar) som ikkje kan bevisast, berre motbevisast (falsifisering). Dette fundamentet, først formulert av vitskapsfilosofen Karl Popper, er sjølve drivkrafta og korrigeringsmekanismen for vitskapen.

Tsunami av publiseringar
I dei seinare åra har talet på vitskaplege publikasjonar auka kraftig, og med det har vi fått ein tsunami av publiseringar (vitskaplege artiklar). For å få ein vitskapleg artikkel godkjent og publisert, må den ha vore gjennom ei fagfellevurdering. Det vil seia at andre forskarar på området må ha lese gjennom og gått gode for innhaldet og påstandane. Det er denne delen av fundamentet som sviktar. Det er for dårleg kontroll av den enorme mengda nye artiklar.

Berre 1 av 9 forsøk kan reproduserast
Som eksempel har forskarar vist i ein artikkel i det prestisjetunge tidsskriftet Nature at av 53 banebrytande forsøk innan utvikling av nye medisinar, var det berre muleg å reprodusera dei opprinnelege resultata i 6 av dei. Det er heilt essensielt at forsøk kan gjentakast slik at det er muleg å avgjera om resultata stemmer eller ikkje. Når berre 6 av 53 forsøk (11 %) gir same resultat som originalen, seier det seg sjølv at noko er alvorleg feil.

I eit anna forsøk publiserte ein forskar eit fiktivt forskingsresultat, fullt av feil, og sende det til 304 publikasjonar. 157 av dei aksepterte artikkelen for publisering! At det er muleg å lura andre forskarar på denne måten er ikkje så overraskande, men at meir enn halvparten av publikasjonane let seg lura, er likevel både nedslåande og alarmerande.

Heller positive enn negative resultat
Ei viktig forklaring på denne utviklinga er at dei fleste publikasjonar har lyst til å presentera nettopp banebrytande forsking og nye resultat. Det er ikkje fullt så spennande å publisera forsøk som viser at påstandar er feil (falsifisering), sjølv om dette er kjerneoppgåva til forskinga.

Teljekant-systemet
Finansieringssystemet må også ta ein stor del av skulda for utviklinga. Her i landet er det kjent som "teljekant-regimet". Utdannings- og forskingsinstitusjonar blir i stor grad målt på kor mykje dei publiserer, og det er eit stort press på den enkelte forskaren om å publisera i teljande kanalar slik at det gir større inntekter for institusjonen.

Evaluering av artiklar er på den andre sida ikkje verdsett på nokon måte. Det er for det meste ei moralsk plikt for den enkelte forskaren, sjølv om det er lærerikt arbeid. Alle som har evaluert artiklar veit at det blir sett av altfor lite tid samanlikna med kor lang tid det tek å skriva artikkelen. Det blir dessverre ofte eit venstrehandsarbeid.

Kva kan gjerast?
Er det muleg å snu denne uheldige utviklinga? The Economist refererer ulike forslag som klarare evalueringsopplegg frå publikasjonane (sjekklister), betre metodekunnskapar hjå evaluatorane (særleg statistiske metodar) og oppmuntring og finansiering av forsking som tek sikte på etterprøving av banebrytande resultat. I tillegg må mislykka forsøk gjerast kjende og ikkje gøymast vekk.

Pisk og gulrot
For eigen del har eg stor tru på meir openheit og bruk av nettet. Enkelte publikasjonar legg artiklane ut på nettet saman med fagfelle-vurderingane, til fri kommentering frå andre. På den måten blir både godt og dårleg arbeid meir synleg, i tillegg til at ein får vurderingar frå langt fleire. Eg trur også det bør innførast ordningar som premierer evalueringsarbeidet på ein eller annan måte. Altså ein kombinasjon av pisk og gulrot.