Kommunane gjer nordmenn sprekare enn polakkar

Anna Maria Urbaniak-Brekke

Ny forsking viser at nordmenn er dobbelt så fysisk aktive som polakkar. Det har dei norske kommunane mykje av æra for.

Aktuelt

Ei ny doktoravhandling samanliknar 11 kommunar i Polen med åtte kommunar i Norge, og konkluderer med at nordmenn rører seg vesentleg meir enn sine polske makkerar.

– Dei vurderer dessutan tilstanden av idretts- og rekreasjonsinfrastruktur i kommunane som mykje betre, fortel Anna Maria Urbaniak-Brekke, som står bak forskinga.

Avhandlinga undersøker kor stor påverknad kommunane har på nivået av fysisk aktivitet i lokalsamfunn i Polen og Norge. Dei norske kommunane som har vore med i prosjektet er Aurland, Balestrand, Leikanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal.

–  Svaret er at den kommunale tilrettelegginga har mykje å seie, fortel Urbaniak-Brekke.

God infrastruktur er nøkkelen
Forskaren har interessert seg for situasjonen til polske kommunar som ligg langt frå store byområde. 

– Her bur det mange folk og det er gjort lite forsking på denne gruppa, seier ho.

Undersøkingane gjekk over eitt år. 370  personar over 15 år i Norge og 382 i Polen deltok. I tillegg intervjua Urbaniak-Brekke tilsette med ansvar for fysisk aktivitet i alle dei 19 kommunane.

– Med grunnlag i forskinga presenterer eg ein ny modell som viser moglege tiltak som kommunale myndigheiter i Polen kan sette i verk for å auke den fysiske aktiviteten i lokalsamfunnet, fortel ho. 

Eit viktig tiltak er å investere i god infrastruktur for fysisk aktivitet.

– Undersøkinga viser at folk som brukar sports- og rekreasjonsinfrastruktur har høgare fysisk aktivitetsnivå, og trener oftare og lengre, seier Urbaniak-Brekke. 

– Difor bør det bli lagt ned ein innsats for å forbetre tilstanden til infrastruktur i polske kommunar, og på den måten motivere fleire til å vere fysisk aktive.

Disputerer i Polen
Urbaniak-Brekke har master i internasjonalt reiseliv ved University School of Physical Education og i internasjonale relasjonar ved Adam Mickiewicz University. Ph.d.-utdanninga er gjennomført ved University School of Physical Education i Poznan.

Ho har budd i Norge i tre år, og jobba ved Vestlandsforsking som forskar det siste året. Ved instituttet arbeider ho med utvikling av reiselivet basert på kultur, fysisk aktivitet og friluftsliv i regionen.

Disputasen finn stad ved University School of Physical Education i Poznan i Polen tysdag 9. oktober og er open for alle. Tittelen på avhandlinga er: «Physical activity of local communities in Poland and Norway – in the context of actions of the local government».