Internasjonalt møte om stordata og transport i Sogndal

""
Project partners visiting Fjærland

Over 20 internasjonale fagfolk var samla til eit tre dagars møte i Sogndal for å analysere moglegheiter og utfordringar ved buk av stordata i transportsektoren. Møtet var ein del av eit EU-prosjekt som Vestlandsforsking leiar.

Det var det tredje arbeidsmøtet i Horisont 2020-prosjektet om stordata i transportsektoren som vart gjennomført i Sogndal 19. – 21. juni. Prosjektet skal ende opp med anbefalingar til EU om korleis ein best bør integrere og bruke stordata i transportsektoren. Målet er meir sikker, effektiv og berekraftig transport.

Stordata og transport

Rajendra Akerkar er forskaren ved Vestlandsforsking som står bak prosjektet med kortnamnet LeMO som starta opp i 2017. Den fulle tittelen på prosjektet er «Leveraging Big Data for Managing Transport Operations». - Sagt enkelt dreier stordata seg om datasett som er for store, for raskt veksande og for ueinsarta til å passe inn i strukturane til dagens databasearkitektur, forklarar Akerkar. Storleiken og veksten gjer stordata svært vanskeleg å analysere. - Sjansane for samfunnsnyttig bruk av stordata i transportsektoren synest endelause, men det er framleis ein lang veg å gå for å ha godt grep om analyse av store datamengder, seier Akerkar.

Arbeidsmøte i Sogndal

I LeMO-prosjektet har Vestlandsforsking med seg partnarar frå Tyskland, England, Belgia og Nederland. Alle partnarane var i Sogndal førre veke for å diskutere problemstillingane i prosjektet så langt, og for å planlegge neste steg som er sju praktiske case-studiar i Europa.

I tillegg til dei fire partnarane er det tilknytt ei rådgjevande referansegruppe til prosjektet. Tre medlem av gruppa, Daniel Jacques frå EU, Brussel, Norbert Schaffitzel frå Deutsche Bahn Systel, GmbH, Tyskland, og Guro Marie Dyngen frå Statens vegvesen Region Vest, deltok i diskusjonane og gav verdifulle innspel til forskingsarbeidet.

Sightseeing

Møtedeltakarane fekk òg høve til å sjå noko av det Sogn og Fjordane har å by på under den tre dagar lange samlinga. Dei vitja Solvorn og Walaker Hotel, og dei fekk med seg Bøyabreen, Fjærland og Fjærland Fjordstove, i tillegg til Sogndal sentrum. Etter at prosjektmøtet var avslutta torsdag ettermiddag var det fleire som nytta høve til ein tur til fjells før heimreisa.

– Det er kjekt å kunne vise fram noko av det vi har å by på her i regionen til våre internasjonale samarbeidspartnarar i tillegg til dei vitskaplege diskusjonane, seier direktør Merete Lunde i Vestlandsforsking.

EU sitt forskingsprogram Horisont 2020

EU sitt forskingsprogram Horisont 2020 er verdas største arena for forskings- og innovasjonssamarbeid. Det 3-årige prosjektet som no vert leia frå Vestlandsforsking konkurrerte med 18 andre internasjonale søkjarar og vart eit av to prosjekt som vant i konkurransen om finansiering.

Partnarar i prosjektet i tillegg til Vestlandsforsking er Johan Wolfgang Goethe-Universität i Frankfurt, den belgiske samanslutninga av transportorganisasjonar, Corte, det internasjonale advokatfirmaet Bird & Bird, UK, og forskingsinstituttet Panteia, Nederland.

Les gjerne meir om Horisont 2020 prosjektet her: https://lemo-h2020.eu/