Frå problem til produkt

Otto og Torunn

Lokale biomasseprodusentar, næringslivsrepresentantar, verkemiddelapparatet og forvaltinga utveksla kunnskap og prosjektidear om bioøkonomi på eit Grøn vekst-seminar i Sogndal denne veka.

Otto Andersen og Torunn G. Hønsi frå Vestlandsforsking delte informasjon om eit Horisont 2020-prosjekt,som kan by på både nye verktøy, aktivitetar og kunnskap til dei som vil gje bioavfall og biprodukt ny verdi.

- Vestland fylke har nær halvparten av frukt- og bærproduksjonen i landet, og ein tredjedel av både fiskeindustri og skogproduksjon. Av biomasse, som kan få nye og betre bruksområder er skogen suverent størst, men her kan det også vere mykje å vinne for bønder, som har biorestar frå produksjon av frukt og bær, sa forskar og prosjektleiar Otto Andersen i sitt innlegg.

Sal og kjøp

Andre døme på biomasse og biologisk avfall frå vår region er matavfall, mask og mesk etter ølbrygging, slakteriavfall, fiskeslam, husdyrgjødsel, treavfall, hageavfall og anna jordbruksavfall. Vestlandsforsking har sidan 90-talet hatt prosjekt på industriell økologi og avfallsgjenbruk, utrekning av utslepp frå industri, transport og landbruk og har i nyare tid sett på alternative proteinkjelder til dyrefor.

– Når Enabling-prosjektet er ferdig, skal vi ha oppretta ein marknadsplass for lokalt kjøpt og sal av slike bioressursar, seier Andersen.

                                       (Teksten held fram nedanfor bildet)

Gruppearbeid
Utveksling av behov og erfaringar gir nye idéer.

Regional verdiskaping

Prosjektet Enabling (Enhance new approaches in biobased local innovation networks for growth), er eit EU-finansiert prosjekt beståande av 16 partnarar i 13 land. Hovudmålet med prosjektet er å spreie kunnskap om god utnytting og innovasjon i bioøkonomiske verdikjeder og auke produksjonen av biobaserte produkt, som kjemikaliar, tekstilar, helsekostprodukt og bioplast. Prosjektet vil bidra til regional verdiskaping gjennom forsvarleg forvaltning av naturressursar, og tilby nettbaserte verktøy, biomassekalkulatorar, spørjetenester og plattformar som vil fremje vekst innan bioøkonomien.

– Vi vil bidra til å gjere det enklare for produsentar av biorestar å finne næringsaktørar, som kan utnytte desse på ein måte som både er klimagunstig og lønsam, seier forskar Torunn G. Hønsi. Ho leia eit gruppearbeid der deltakarar frå Lærdal Grønt, Kunnskapsparken, Sogn Jord og hagebruksskule, SIMAS, Vik kommune, Aurland kommune, Fylkesmannen, Sogn og Fjordane fylkeskommune og Njøs Næringsutvikling let idéar og visjonar myldre.

"Enabling" – gjer mogeleg

Deltakarane konkluderte med at dei har behov for nye effektive møteplassar, der det er kort veg frå idé og behov til å finne finansiering og praktiske løysingar i samarbeid med andre. Med utgangspunkt i Enabling og EU si satsing på slike lokale samarbeid og erfaringsutveksling innan bioøkonomien vil Vestlandsforsking kunne møte slike behov, svara forskarane, som planlegg fleire arbeidsseminar og studieturar framover, som vil vera opne og gratis for alle interesserte.

– "Enabling" betyr jo å skape høve, gjera i stand til – det spelar jo på at prosjektet skal gjere det mogeleg å skape ein marknad og etterspurnad etter biomasse for næringsutvikling og bioindustri, gjere det mogleg å skape nye biobaserte produkt, så vi blir mindre avhengige av oljebasert økonomi, seier Hønsi.  Forskingsrådet var initiativtakar og vertskap for seminaret.