Vestlandsforsking har fått i oppdrag av SND å gjennomføra eit pilotprosjekt innan e-handel og småskala matproduksjon i Sogn og Fjordane. Prosjektet vart initiert av SND sentralt med programleiarane for Verdiskapingsprogrammet for matproduksjon og VeRDI-programmet (e-handel og SMB). I prosjektet skal det i første omgang gjennomførast fleire informasjons- og orienteringsmøte for alle interesserte i fylket. Seinare skal 10-15 verksemder veljast ut og gjennomgå strategianalysar med tanke på e-handelsprosessar. Verktøysettet frå VeRDI-programmet skal prøvast ut og analyserast og på bakgrunn av dette skal eventuelle tilpassingar av verktøyet gjerast. Endeleg skal det utviklast ein demonstrator for å visa ulike modeller for e-handel. Nærare informasjon om prosjektet finst på www.torgplassen.no
Start date:
End date:
Financed by:
SND Sogn og Fjordane
Id:
5216