• Foto Technoport 2020

    Noradapt, eit nasjonalt senter for klimatilpassing leidd av Vestlandsforsking, er i år partnar i Technoport. Konferansen samlar over 700 deltakarar og tek i år opp korleis vi kan ta i bruk teknologi for å tilpasse samfunnet til klimaendringane.

  • Skisse av "Framtidas hyttegrend"

    Korleis kan ei hyttegrend sjå ut viss ein planlegg ut frå eit mål om berekraft? Spørsmålet har stått sentralt i eit prosjekt der arkitektar, hytteutviklarar, trevareleverandørar, byggfaglege rådgjevarar og forskarar har gått saman om å prosjektere framtidas hyttegrend.

  • Foto frå delegasjonreise til India

    Vestlandsforsking håpar på samarbeid med indiske forskarar i åra som kjem. I februar var professor Rajendra Akerkar deltakar på ei norsk delegasjonsreise til New Delhi og Chennai. Undervegs knytte han nye band og friska opp gamle.

  • Foto av Anna Maria Urbaniak-Brekke

    1. februar 2020 starta Anna Maria Urbaniak-Brekke i fast forskarstilling, etter to år i vikariat. Tilsetjinga er eit ledd i Vestlandsforsking si satsing på reiseliv og internasjonalisering. Anna Maria håpar å utnytte heile den faglege breidda si, ikkje minst ved å bidra til koordinering av internasjonale prosjekt.

  • Foto frå utstillinga Grüne Woche i Berlin i januar 2020.

    Vestlandsforsking var i januar på matfestivalen Grüne Woche i Berlin saman med folk frå mat- og reiselivsverksemder, lokal næringsutvikling og FoU-sektoren i Sogn. I studieturen ligg kimen til eit samarbeid som vil kreve kunnskapsbygging og innovasjon i åra framover.

  • Foto

    Otto Andersen, forskar ved Vestlandsforsking gjennom 25 år, døydde 28. desember 2019 etter å ha vore sjuk ei kort tid. Her kan du lese eit minneord skrive av kollegaer og vener ved instituttet.

Nye publikasjonar