Nytt verktøy viser status for klimatilpassing i heile landet

torbjørn og bror
Torbjørn Selseng og Bror Kristian Tandberg har utvikla fylkesprofilar som viser status for arbeidet med klimatilpassing. Verktøyet tar for seg klimatilpassinga i fem ulike delar av samfunnet: i fylkeskommunen, hjå statsforvaltaren, i kommunane, blant innbyggjarar og i landbruket. Foto: Idun A. Husabø

Noradapt har utvikla eit nytt verktøy som viser kor langt ein har kome i arbeidet med klimatilpassing i i ulike delar av samfunnet. Bror Kristian Tandberg ved Vestlandsforsking presenterte tenesta på den nasjonale konferansen #Klimaomstilling2024 i Sogndal 23. april.

Verktøyet viser status for arbeidet med klimatilpassing i fem ulike delar av samfunnet: i fylkeskommunen, hjå statsforvaltaren, i kommunane, blant innbyggjarar og i landbruket, og dataa er organisert fylkesvis.

Korleis ligg vi an?

Tenesta er utvikla som eit verktøy forvaltninga kan nytte seg av i sitt arbeid for å tilpasse seg dei komande klimaendringane. Dei vil kunne vurdere kor langt dei har kome og korleis dei ligg an i forhold til andre aktørar dei kan samanlikne seg med.

– Verktøyet seier noko om korleis ulike grupper i samfunnet oppfattar klimaendringane, kor stor innsats dei legg inn for å tilpasse seg og kor heilskapleg dei arbeider med klimatilpassing, seier forskar Torbjørn Selseng ved Vestlandsforsking.

Tenesta seier óg noko om korleis dei ulike forvaltningsorgana organiserer arbeidet sitt med klimatilpassing.

Spennande data

Bror Kristian Tandberg la fram nyvinninga på konferansen #Klimaomstilling2024 i Sogndal 23. april. Han håpar særleg tenesta er nyttig for dei som arbeidar i kommunar og fylkeskommunar, men det viktigste for han er at tenesta blir brukt. Tenesta er open og tilgjengeleg for alle, og det ligg mykje interessant talmateriale der.

 – Ikkje gløym å gå inn i sjølve datasettet og sjå på alt som ligg der. Det vi har plukka ut i fylkesprofilane er berre ein liten del av alt materialet vi har samla inn og organisert, seier Bror.

Her finn du fylkesprofilane (fungerer f.o.m. 23. april kl.12)

fylkesprofil vestland
Faksimile av Vestland fylke sin fylkesprofil på nettsida til Norsk Klimamonitor

Fire spørjeundersøkingar

Forskarane Bror Tandberg og Torbjørn Selseng ved Vestlandsforsking har samarbeidd om å skape verktøyet. Det er utvikla ut frå fire ulike spørjeundersøkingar, alle utførte av Noradapt-prosjektet Norsk Klimamonitor

– Det er ein etterspurnad i forvaltninga etter betre data på korleis det går i arbeidet med klimatilpassing, seier Torbjørn Selseng, som for tida tek ein ph.d. om berekraftig klimatilpassing i kommunane.

Bror fortel at Vestland fylkeskommune kjem svært godt ut samanlikna med dei andre fylkeskommunane på klimatilpassing.

 – Ein skulle nesten tru vi hadde «rigga» tala for Vestland fylkeskommune, no som vi presenterar dei på deira konferanse. Det har vi altså ikkje, men det er kanskje heller ikkje heilt tilfeldig at dei kjem godt ut av undersøkinga.