• Foto

    Landbruket og kommunane er blant dei som kan ha nytte av ny teknologi for å utvinne biokol frå grønt avfall. På eit nettbasert seminar (webinar) 9. juni kan du få idéar og innsikt frå ekspertar og erfarne praktikarar.

  • Foto

    Alt før koronaviruset stod verda på vippepunktet – så kor går vegen ut av krisa? Forfattar og professor Dag O. Hessen er ein av hovudtalarane på årets utgåve av konferansen #Klimaomstilling, der Vestlandsforsking og Noradapt er blant arrangørane. Konferansen blir i år heildigital, med direktesending frå Sogndal 23. september.

  • Foto

    Dersom folk ikkje får feriere utanfor eige heimland i sommar, risikerer vi å pådra oss problem som er større og meir langvarige enn pandemien, meiner reiselivsforskar Stefan Gössling ved Vestlandforsking.

  • Foto

    Nye Asker kommune treng svar på korleis dei best kan legge til rette for kultur, idrett og friluftsliv. I eit nytt prosjekt skal Vestlandsforsking og Telemarksforsking skaffe kommunen oversikt over måtane det kan gjerast på.

  • Foto av styreleiar

    Fylkestinget i Vestland vedtok 4. mars nytt styre for Stiftinga Vestlandsforsking. Den nye styreleiaren er Aleksander Øren Heen frå Senterpartiet, medan Silja Ekeland Bjørkly frå Høgre er nestleiar. Dei andre medlemmene er sterke profilar innan forsking, teknologi, klima, reiseliv og media.

  • Foto - Kyrre Groven

    Vestlandsforsking la årets personalsamling til høgfjellet. Nysnø og strålande sol sikra at dei som tok turen til Golsfjellet, fekk fine dagar i lag.

Nye publikasjonar