Status og behov for kvalitetssystem i norsk opplevingsturisme - frå næringa sitt perspektiv

Rapport
Id:
2016-7

Det er kring 3000 verksemder i Noreg som tilbyr opplevingar for turistar. Dei er som regel enkeltpersonføretak eller små aksjeselskap med typisk kring 2 årsverk / 5 tilsette, og tilbyr som regel opplevingar i tilknyting til naturen, gjerne langs kysten og fjordane. Dette er noko av det me kan sjå frå ei spørjeundersøking som ca. 500 av desse verksemdene har svart på i arbeidspakke 2 i prosjektet «Et forskningsbasert kvalitetssystem for utendørs opplevelsesturisme i Norge».

Føremålet med spørjeundersøkinga har vore å finna ut korleis opplevingsbedriftene i Noreg i dag sikrar kvaliteten på produkta sine, og kva behov dei har for kvalitetssystem og om dei ynskjer og er viljuge til å betala for eit slikt kvalitetssystem for opplevingsturisme i Noreg. Me fekk svar frå heile landet, frå alle typar opplevingsverksemder og i tillegg frå museum og attraksjonar. Det er viktig å hugse på at ei spørjeundersøking til bedriftene vil gje ganske annleis svar enn ei undersøking til gjestene. Her presenterer me bedriftene sitt syn på eigen kvalitet, ikkje gjestene sitt syn.

Svara viser at opplevingsbedriftene er avventande positive med 37 % som svarar ja på spørsmål om dei vil vera med på eit framtidig kvalitetsystem og 51 % som ikkje veit. Mange er også bekymra for meir byråkrati og meirarbeid for små bedrifter. Dei som er positive er viljuge til å betala kring 10 000 for å bli med i systemet, og 5000 per år. Det er ikkje mange aktørar som etterlyser kvalitetssystem frå verksemdene, men offentlege myndigheiter etterspør det, då i samband med eksisterande ordningar for HMS, mattryggleik og branntryggleik etc. Mattilsynet og Jernbanetilsynet er ikkje så uvanleg å få på besøk for ein del av verksemdene.

Undersøkinga viste at det ikkje ser ut til at opplevingsverksemder i dag er med i kvalitetsystem som er retta spesielt mot opplevingar eller utandørs aktivitetar generelt. Ein del er like fullt med relaterte ordningar som Norsk økoturisme og Matmerk/KSL (spesielt «Inn på tunet»). Sjølv om ikkje så mange respondentar er med i kvalitetssikringordningar for verksemder eller produkt, er om lag 1/4 omfatta av utstyrssertifisering og 1/5 tilsette-sertifisering (fjellførarsertifisering t.d.).

For utviklinga av eit kvalitetssystem for opplevingar er det viktig for verksemdene at systemet er enkelt og ikkje for tidkrevjande, at det gjev fleire nøgde kundar, at kundane ikkje blir forvirra av systemet, og at det fører til betre produkt og ein bransje på generelt høgre kvalitetsnivå. Sjølv om det er få som meiner dei har produkt som inneber stor risiko eller krev store ferdigheiter av kunden, legg dei likevel størst vekt på at det er tryggleik og risikohandtering som bør kvalitetssikrast, heile 55 % meiner at dette er viktig eller svært viktig.

 

rapport-wp2.pdf (5.51 MB)