Sluttrapport frå forstudien «Sal og distribusjon av lokalprodusert mat»

Rapport
Id:
2015-10

Etter eit seminar om lokalmat i Sogn og Fjordane (S&F) i mars 2015, fekk ei gruppe produsentar støtte av Innovasjon Norge til ein forstudie om behov og potensial for å opprette distribusjonsordning for lokalmat frå Sogn og Fjordane. I forstudien har gruppa med hjelp frå Vestlandsforsking kartlagt marknaden, lært av liknande leverandørar, kartlagt produsentane sine behov, kapasitet og ynskje, og noverande distribusjon. Lokalmatprodusentane sjølve har blitt kartlagt grundigast. 85 produsentar fekk tilsendt ei spørjeundersøking som tok opp korleis dei sel og distribuerer, kva og kor mykje dei produserer, og om dei er interesserte i å bruka ein dedikert lokalmatdistributør.

Svara viser at produsentane for det meste sel direkte til kunde og fraktar sjølv. Produsentane viser ei klar interesse for å bruka ei distribusjonsordning for lokalmat i Sogn og Fjordane. Ni av dei viktigaste hotella i lokalmatsamanheng vart spurde om deira haldning til prosjektet og konseptet. Alle var positive og alle unnateke eitt hotell gav uttrykk for at dei kunne tenkje seg å ta i bruk ei slik ordning. Prosjektgruppa har vore i kontakt med Norgesgruppen og Coop Vest om korleis dei stiller seg til prosjektet. Coop er særleg positive, og hadde også innlegg om dette på seminaret før forstudien vart starta opp. Norgesgruppen er positive til det prosjektet ynskjer å oppnå, men har mest tru på at ei utvida bruk av eksisterande distribusjonsaktørar er best for dei. Gjennom dialog med Rørosmat og Gudbrandsdalsmat og ein studietur til Gudbrandsdalen har gruppa lært av dei to liknande aktørane i landet som har lukkast. Til slutt har prosjektgruppa funne fram til viktige økonomiske premiss og på bakgrunn av dette laga nokre moglege økonomiske scenario. Utrekningane viser at det vil vera nødvendig med driftstilskot dei første åra, men at det med effektiv drift og distribusjon og høgre provisjon enn 15 % truleg er mogleg å driva med overskot når ein kjem opp i omsetnaden Gudbrandsdalsmat og Rørosmat har i dag.

Konklusjonen er at det er grunnlag for å arbeide vidare i eit forprosjekt som går djupare inn i dei økonomiske problemstillingane, korleis både verksemd og distribusjon mest effektivt kan organiserast, og ikkje minst får med seg dei viktigaste produsentane og kundane på eit forpliktande løp i 2016-sesongen.