Forprosjekt sal og distribusjon av lokalmat i Sogn og Fjordane

Marknaden for lokalmat aukar med kring 10 % per år. Når det er lett å få selt varene, er det andre utfordringar som står i fokus. Distribusjon av lokalmat er vanskeleg og ineffektiv på grunn av små volum og lite velorganisert distribusjon. I 2015 fekk Haugen gardsmat, saman med ei prosjektgruppe med deltakarar frå fylket, støtte frå Innovasjon Norge til å gjennomføre ein forstudie om potensial for lokalmatdistribusjonsorganisasjon i Sogn og Fjordane. Forstudien konkluderte med at det bør vera mogleg å få opp ei ordning for sal og distribusjon av lokalmat i Sogn og Fjordane.

I forprosjektet skal arbeidet i forstudien takast vidare for å detaljere plassering, ruter, arbeidsmåtar, organisasjonsform, distribusjonsløysingar, m.m. Vestlandsforsking hjelper til med utgreiingane.

Startdato:
Sluttdato:
Finansiert av:
Haugen gardsmat
Prosjektnummer:
6398
Prosjektleiar:
Prosjektmedarbeidarar:
Publikasjon(ar):