The role of regional authorities in the development and promotion of mountain quality products

Notat
Id:
2006-1

Som del av EU sitt arbeid med å utvikle ein ny type regionalpolitikk med nemninga fjellregionapolitikk, har Vestlandsforsking delteke i eit felles europeisk forskingsprosjekt: Euromountains.net. Målsettinga er å identifisere gode innovasjonsverktøy for fjellregionar for å vidareutvikle eksisterande og nye innovasjonsstrategiar for fjellregionar.

Prosjektet er gjennomført i regi av organisasjonen Euromontana (http://www.euromontana.org/); eit nettverk av Europeiske fjellregionar. Følgjande eksempel på fjellregionprodukt er analysert: produksjon av pelletsomnar i Jostedalen; produksjon av geitost ved Underdal stølsysteri i Underdal og reiselivsaktiviteten til Flåm utvikling med særleg vekt på Flåmsbana.

Granskinga viser at det er trong for offentleg bistand i bedriftsutvikling på alle nivå i prosessen: utvikling av forretningskonseptet, ved etablering og til spesifikk støtte i løpet av den ordinære driftsperioden, t.d. til design og marknadsføring. Dessuten viser våre bedriftseksempel at det er trong for offentleg deltaking både i forhold til infrastruktur på samfunnsnivå, utvikling av bedriftsnettverk og støtte til den einskilde bedrift. Det er også viktig at offentlege styresmakter set fokus ikkje berre på bedrift og produkt, men også på det territorielle som grunnlag for kunnskapsutvikling og profilering.

Studien viser at det foregår etablering av nye lønsame bedrifter utan lokalisering til etablerte næringsklynger. Eit eksempel er Jostedalen industrier og Bionordic. Vidare finn vi at politisk vilje og handlingsevne til å nytte offentleg eigarskap som eit innovasjonsverktøy har lukkast i tilfellet Flåm Utvikling si overtaking av Flåmsbana i 1998. I eksempelet Underdalsosten har mobilisering av geitebønders eigne ressursar inkludert samarbeid med den lokale handelsmannen, læring i samhandling over mange år og kompetanseutvikling vore ein nøkkel til suksess. Felles for desse tre casa er eldsjelene sine evner til å tolke rammevilkår, sjå forretningsmoglegheiter, ha handlingsevne og knyte til seg ekstern kompetanse og skape nettverk etter behov.

Det overordna målet hos styresmaktene er ofte knytt til å oppretthalde busetting og gode levevilkår. Bedriftsutvikling og produkt er ein del av dette, men må supplerast med andre element som bruk og utvikling av kunnskap. Ikkje berre i forhold til bruk av naturressursar, men også i forhold til korleis folk i distrikta kan gjere seg nytte av eigen kunnskap og utvikle han i samarbeid med andre menneske og institusjonar både i og utanfor territoriet.