Planlegging for cruiseutbygging i Aurland kommune

Notat
Id:
2014-6

Aurland hamnevesen tok i 2011 initiativ til planlegging av cruisekai nummer to i Aurland kommune. Denne rapporten analyserar korleis planleggingsprosessen og det administrative og politiske systemet har påverka vilkåra for integrering av eit mål om berekraftig reiseliv i planarbeidet. Rapporten viser at det var dårlege vilkår for å integrere eit berekraftig reiseliv i planarbeidet. Den viktigaste grunnen til dette var at planprosessen ikkje vart gjennomført etter intensjonen i Plan- og bygningslova. Politikarane gjekk ikkje inn for rådmannen sitt forslag til planprosess som kunne fått fram kunnskap om ulike strategiar for utvikling av kommunesenteret. Utbygginga vart likevel ikkje realisert. Vår tolking er at den aukande motstand frå innbyggjarane mot utbygginga var ein viktig grunn til at planane vart lagt bort.