Samspel for berekraftig reiseliv

Prosjektet skal gjennom internasjonal kunnskapsgjennomgang, historiske case, pågåande utviklingscase og ein tett dialog med brukargrupper, utvikle ny kunnskap om vilkår for å integrere målet om eit berekraftig reiseliv i ulike sektor-politikkområde som landbruk, samferdsle, energi og naturvern.

Eit sentralt verktøy i prosjektet er etablering av ein møteplass mellom ulike forvaltningsnivå, økonomiske sektorar og forsking etter modell av den tidlegare byggeskikkringen i regi av Sogn og Fjordane fylkeskommune.  Kunnskapen frå prosjektet skal stette mål om milømessig berekraft og auke lokal verdiskaping i reiselivet slik desse kjem til uttrykk m.a. i regjeringa si nasjonale reiselivsstrategi, den komande regionale reiselivsstrategien for Vestlandet og reiselivsplanen for Sogn og Fjordane.  Søkjar er Sogn og Fjordane fylkeskommune, medan ansvarleg for prosjektet er Vestlandsforsking.

Presseoppslag:

Startdato:
Sluttdato:
Finansiert av:
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Prosjektnummer:
6302
Prosjektleiar:
Aktuelt:
  • Aktuelt
    ""

    Når målet om eit berekraftig reiseliv møter lokale reiselivssatsingar i praksis, blir kortsiktige bedriftsøkonomiske omsyn vektlagt meir enn økologiske perspektiv. Særleg omsynet til reduserte klimagassutslepp blir skadelidande. Det er som forventa i og med at statlege rammevilkår legg opp til ei slik prioritering.

  • Ein nyleg avslutta analyse av ei rad lokale reiselivssatsingar viser at det er svært ulike oppfatningar innan og mellom staten, fylke og kommunar om berekraftig reiseliv. Skilnadane er så store at det ofte blir vanskeleg å trekkje i same retning. "Den delen av berekraftarbeidet som då vert skadelidande er omsynet til dei globale miljøproblema - og då særleg korleis reiselivet kan redusere utsleppa av klimagassar" seier prosjektleiar Carlo Aall.

  • Forskarane Carlo Aall, Ingrid Sælensminde og Eivind Brendehaug ved Vestlandsforsking i samarbeid med Rachel Dodds ved Ryerson University i Canada har publisert ein artikkel i det velrenomerte tidsskriftet "Journal of Sustainable Tourism" der dei introduserer omgrepet "policyintegrering" i den internasjonale debatten om berekraftig reiseliv.

  • I ein artikkel publisert i det vitskaplege tidsskriftet Sustainability, drøftar professor Carlo Aall ved Vestlandsforsking spørsmålet om berekraftig reiseliv i praksis har fremja eller hemma ei berekraftig utvikling.