Kunnskap kryssar grenser i kommunesektoren - Fjaler - sluttrapport

Notat
Id:
2011-3

Dette notatet summerer opp prosjektet ” Kunnskap kryssar grenser i kommunesektoren: Fjaler”. Prosjektet har sett på korleis kommunen kan ta i bruk video som ein breibandskrevjande teknologi i si drift. Fokus har vore på bruk av videostreaming av kommunestyremøte og bruk av videokonferansar og deltaking i møte og om overføring av konferansar ved hjelp av video kan vere nyttig for kommunen og dei tilsette.

Basert på dei data som er samla inn og erfaringa frå prosjektet vil vi anbefale Fjaler kommune…

  • å vidareutvikle og halde fram med overføring av kommunestyremøte på internett. Å halde fram med overføring av kommunestyremøte kan bidra til å styrke demokratiet i kommunen ved å gi betre innsikt i kommunale prosessar for den enkelte innbyggjar
  • å lisensiere videoane med CC-BY. På det viset vil kommunen klargjere på kva vilkår folk kan bruke, distribuere og byggje vidare på videoane når dei er lagt ut
  • å arbeide for auka bruk av videokonferanse og overføring av regionale og nasjonale møter og konferansar på internett. På det viser vil den enkelte kunne velje mest hensiktsmessige måte å delta på