Kunnskap kryssar grenser i kommunesektoren - Fjaler

Korleis kan Fjaler kommune utnytte den investeringa som er gjort i breiband over ei rekkje år ved å legge til rette for overføring av breibandskrevjande innhald som t.d. overføring av video?  Korleis kan dei ta teknologien i bruk i eige virke for å redusere reisetid og kostnader i samband med møter, auka deltaking på arrangement utan at det går ut over kvalitet? Kan det opne opp for betre kommunikasjon med innbyggjarane og legge til rette for utvikling  av næringslivet i kommunen?  Fjaler kommune arbeider nært med andre kommunar i HAFS og Sunnfjord om ulike felles tiltak.  Kan teknologien bidra til å gjere samarbeidet meir effektivt til dømes gjennom bruk av videokonferanse?

  1. Tilrettelegging for eksperiment med ulike tilgjengelege teknologiar.
  2. Tilsette: Fokus på terskel for bruk, kunnskap om teknologien og få erfaring
  3. Tilsette, Innbyggjarar og næringsliv: Teste ut nettoverføring av ulike kommunale arrangement og møter for å støtte opp om medverknad i demokratiet.
  4. Kartlegging av ev samarbeid med næringslivet i kommunen og andre kommunar i HAFS-regionen og i Sogn og Fjordane

 

Startdato:
Sluttdato:
Prosjektnummer:
6203
Prosjektleiar:
Prosjektmedarbeidarar:
Publikasjon(ar):