Notat
Id:
2011-7

Oppdraget er å gjennomføre ei evaluering av måloppnåing i prosjektet som innfører HelpDesk i Nordfjordkommunane. Oppdraget er gjennomførd ved å intervjue prosjektleiar og to merkantilt tilsette ute i organisasjonen. Alle tre er tilsette i Vågsøy kommune. Konklusjonane i rapporten er basert på desse intervjua og på gjennomgang av prosjektmål og oppnådde gevinstar.

Med atterhald om at systemet berre har vore i drift i 2.5 månader og at vi meiner å ha avdekka eit behov for meir opplæring, vil vi konkludere med at innføringa av HelpDesk løyser dei funksjonane som dette nye systemet skulle løyse. Dei konkrete måla prosjektet skulle oppnå er anten realiserte eller i ferd med å bli realiserte.