Fordums frukter - Erfaringar frå dokumentasjon av tradisjonell kunnskap om eldre eplesortar

Rapport
Id:
2014-1

Denne rapporten gir eit oversyn over resultat og erfaringar frå eit pilotprosjekt med ei målsetjing om å leggje grunnlaget for dokumentasjon og formidling av tradisjonell kunnskap om dyrking, bruk og minne knytt til eplesortar som har vore i bruk i fruktdistrikta i Sogn.

Rapporten inneheld eit oversyn over relevante skriftlege kjelder, saman med resultat frå intervju med eit lite utval fruktdyrkarar som har vore med på utviklinga av fruktdyrkinga i Sogn gjennom store delar av førre hundreåret. Resultata viser at der både er eit behov og eit potensiale for vidare innsamlingsarbeid. Intervjua kan vere spesielt verdfulle når det gjeld informasjon om kulinariske eigenskapar og spesielle bruksområde, minne om sorten, og anna kulturell informasjon, og det hastar med å gjere fleire intervju. I det vidare arbeidet kan ein ta utgangspunkt i metoden utvikla i pilotprosjektet.