Fordums frukter: Pilotprosjekt for dokumentasjon av tradisjonell kunnskap om eldre eplesortar

Dette pilotprosjektet har som hovudmål å leggje grunnlaget for eit større prosjekt som skal dokumentere og formidle tradisjonell kunnskap om dyrking, bruk og minne knytt til eplesortar som har vore i bruk i fruktdistrikta i Sogn. For å oppnå dette vil vi

  • utarbeide eit oversyn over skriftlege kjelder (litteratur og arkiv) med historisk informasjon om eplesortar i Sogn og
  • utvikle og teste ut ein metodologi for innsamling og systematisering av informasjon, og samstundes samle inn grunnleggjande data.

Prosjektet er finansiert av Norsk genressurssenter, og samarbeidspartnarar er Norsk Fruktmuseum, Sogn Folkemuseum, Njøs Næringsutvikling og Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Startdato:
Sluttdato:
Finansiert av:
Norsk Genressurssenter
Prosjektnummer:
6312
Prosjektleiar:
Aktuelt:
  • Vestlandsforsking har gjennomført eit pilotprosjekt der målsettinga har vore å legge grunnlaget for dokumentasjon og formidling av tradisjonell kunnskap om dyrking, bruk og minne knytt til eplesortar som har vore i bruk i fruktdistrikta i Sogn.