Vestlandsforsking deltek i styret til VRI Sogn og Fjordane "Framtidsfylket...". VRI Sogn og Fjordane er eit prosjekt under forskingsområdet Virkemidler for regional FoU og innovasjon, som er Norges Forskningsråd si satsing på forsking og innovasjon i norske regionar. Partnarskapen i Sogn og Fjordane, i denne samanhengen fylkeskommunen, NHO, LO, Innovasjonsforum i Sogn og Fjordane, Innovasjon Norge, Høgskulen i Sogn og Fjordane, Inkubatoralliansen i fylket og Vestlandsforsking, har fått tildelt 4,8 mill. frå Forskingsrådet for dei neste 2,5 åra. Desse midlane skal utgjere maks 50% av godkjende prosjektkostnader.

Framtidsfylket har fire satsingsområde:

  • reiseliv
  • marine næringar
  • fornybar energi
  • "endringsleiing"

Viktige fagtema  på tvers av desse satsingsområda:

  • kompetansemekling
  • informasjons- og kommunikasjonsteknologi
Startdato:
Sluttdato:
Finansiert av:
The Research Council of Norway
Prosjektnummer:
6088
Prosjektleiar:
Prosjektmedarbeidarar:
Publikasjon(ar):