Vassforvaltar i eit endra klima (Vannklimrisk)

Klimaendringane gir større risiko for ureining av vatn gjennom auka avrenning frå land til sjø og fleire ekstremvêrhendingar. Dette vil påverke det økologiske og kjemiske vassmiljøet negativt og bør førebyggast på nye måtar.

Prosjektet Vannklimrisk går ut på å styrke førebygginga av naturskadehendingar som kan føre til at miljøgifter kjem på avvege i naturen. Prosjektet involverer offentlege aktørar i fleire delar av landet.

Foto
Torunn G. Hønsi er toksikolog og har gjennomført fleire prosjekt om miljøgifter og auka avrenning. Ein forløpar til Vannklimrisk er Toksklim, eit forprosjekt i 2016-2017 der Vestlandsforsking samarbeidde med Sogn og Fjordane fylkeskommune, Fylkesmannen i Hordaland og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Midlane kom frå RFF Vestland.

Den største bekymringa med auka avrenning frå land til sjø som følgje av klimaendringane, er at gamle og nye miljøgifter vil bli tatt opp av vasslevande organismar, hope seg opp i næringskjedene og til slutt hamne på matfatet vårt.

Digitale verktøy

Vassforvaltinga i Norge har i dag for lite kunnskap om miljøgiftpåvirkningar og lokal ureining av vassmiljøet til å vurdere om målet i EU sitt vassdirektiv om god kjemisk tilstand vert nådd innan 2021. Prosjektet Vannklimrisk vil produsere ny kunnskap, og utvikle nye tilpassa verktøy, som lokal og regional forvaltning kan bruke for å identifisere lokale kjelder til miljøgifter og analysere risiko for spreiing av miljøgifter i eit endra klima.

Vannklimrisk vil samprodusere kunnskap og utvikle nye forvaltingsverktøy i tett samarbeid med sakshandsamarar innan vassforvaltning, klimatilpassing, planarbeid og ureining i kommunane/vassområder, fylkeskommuar og Fylkesmannen i dei tre regionane Trøndelag, Vestfold/Telemark og Vestland.

 

logo

Mål for prosjektet

Hovudmål:

Utvikle samhandlingsformer og verktøy for å gjere miljø- og vassforvaltinga betre i stand til å vurdere risiko for spreiing av miljøgifter til vassmiljøet som følgje av klimaendringar.

Delmål:

1) Samskape nye samhandlingsformer for vass- og miljøforvaltninga

2) Utvikle digitalt verktøy for kartlegging av miljøgiftkjeder (Miljøgiftkartleggaren)

3) Utvikle GIS-applikasjonar og ROS-verktøy for å analysere risiko for spreiing av miljøgifter og påverkning på vassmijøet som følgje av klimaendringar

Prosjektgruppa vil utvikle eit nytt, digitalt kartleggingsverktøy for identifisering av lokale miljøgiftkjeder, Miljøgiftkartleggaren, og utvikle ein GIS-basert ROS-analyse for å vurdere om miljøgifter kan spreiast til vassmiljøet som følgje av ulike klimapåverknader.

Samarbeid på tvers av organisasjonar

Vannklimrisk skal også utforske og analysere korleis samarbeidet er mellom vassområda, fylkeskommune og fylkesmennene i dei tre regionane, og teste ut nye samhandlingsformer der også forskarar deltek, for å auke evna til å handtere dei komplekse utfordringane klimaendringar vil ha på vassforvaltinga.

Brei deltaking

Partnarskapen i Vannklimrisk inkluderer NTNU Institutt for geografi, Vestfold og Telemark fylkeskommune, Fylkesmannen i Vestfold og Telemark, Fylkesmannen i Trøndelag, Trøndelag fylkeskommune, Vestland fylkeskommune og Fylkesmannen i Vestland og kommunane, Tønsberg, Larvik, Sogndal, Vik, Høyanger, Solund, Gulen, Oppdal, Orkland, Tynset og Rennebu.

Prosjekteigar er Vestland fylkeskommune, der vassregionkoordinator Merete Farstad er prosjektleiar.

Webinar 05.09.2023 Klimatilpasning og miljøgifter

I media:

Miljøgifter i norske kommuner skal kartlegges - frykt for vannforurensing øker, Forskning.no - august 2019

Får millioner for å stoppe lekkasje av miljøgifter og forurensing av vann, Nationen - august 2019

Miljøgifter i norske kommuner skal kartlegges, KommunalRapport - august 2019

Miljøgifter i norske kommuner skal kartlegges - frykt for vannforurensing øker, enerWE Partner - august 2019

Miljøgifter i norske kommuner skal kartlegges - frykt for vannforurensing øker, Varden - august 2019

Miljøgifter i norske kommuner skal kartlegges - frykt for vannforurensing øker, iTromsø - august 2019

Foto
Startdato:
Sluttdato:
Finansiert av:
Regionalt forskningsfond Vestland
Vestland fylkeskommune
Kommunar i Vestland (eigeninnsats)
Kommunar i Trøndelag (eigeninnsats)
Kommunar i Vestfold og Telemark (eigeninnsats)
I samarbeid med:
Fylkesmannen i Vestland
Fylkesmannen i Vestfold og Telemark
Fylkesmannen i Trøndelag
Vestland fylkeskommune
Trøndelag fylkeskommune
Vestfold og Telemark fylkeskommune
Tønsberg kommune
Larvik kommune
Sogndal kommune
Vik kommune
Høyanger kommune
Solund kommune
Gulen kommune
Oppdal kommune
Orkland kommune
Tynset kommune
Rennebu kommune
NTNU - Institutt for geografi
Prosjektnummer:
6563
Prosjektleiar:
Seniorforskar og gruppeleiar Teksam
Prosjektmedarbeidarar:
Forskar og kommunikasjonsansvarleg
Aktuelt:
  • Portrett av Torunn G. Hønsi, gruppeleiar ved Vestlandsforsking

    Giftstoff og verknaden av dei har følgt Torunn G. Hønsi gjennom heile yrkeslivet. Nyleg vart øko-toksikologen gruppeleiar for teknologi- og samfunnsforskarane ved Vestlandsforsking. Ho gler seg til å lage nye koplingar mellom områda miljø og teknologi.