Utrulling av fylkesdekkande IT-tenester for helse i Sogn og Fjordane

Bak dette prosjektet står IT-forum helsenettverket i Sogn og Fjordane. Prosjektet føl opp prioriteringar frå aktørane og erfaringar frå pilotprosjekt på meldingsformidling mellom legekontor og sjukehus og deltaking i nasjonalt Elin-k- prosjekt. Programstyret for Fornying av offentleg sektor og IKT og kommunane finanisierer arbeidet. Handlingsplanen i prosjektet har tre sentrale element utover prosjektleiing:

  1. Etablere oppkopling Norsk Helsenett. Denne aktiviteten er føresetnaden for i det heile å få til dei spesifiserte innhaldstenestene både i dette prosjektet og i andre satsingar. Norsk Helsenett er infrastrukturen som gir sikker og samordna kommunikasjon for alle involverte partar.
  2. Etablering av meldingsformidling i kommunane; mellom primærlege, spesialist; apotek.
  3. Resultatformidling. I vidare arbeid med utrulling av innhaldstenester blir formidlingsarbeidet viktig for å stimulera mobilisering og iverksetting i alle kommunane.
Startdato:
Sluttdato:
Finansiert av:
IT-forum Sogn og Fjordane
Prosjektnummer:
6117
Prosjektleiar:
Prosjektmedarbeidarar:
Publikasjon(ar):