Tettstadpakkar for attraktiv, inkluderande og klimavenleg stadsutvikling

TP logo

Utvikling av gode tettstader for framtida krev at vi tar omsyn til komplekse utfordringar som følgjer med mellom anna klimaendringar, migrasjon og rask teknologiutvikling. For å handtere slike globale utviklingstrekk på lokalsamfunnsnivået, trengst det omstillingsevne, kunnskapsbaserte verktøy og berekraftige løysingar – både økonomisk, sosialt og miljømessig. Tettstadpakke-prosjektet prøver å femne fleire av desse dimensjonane, med hovudvekt på korleis ein meir samordna og effektiv areal-, transport- og sentrumspolitikk kan bidra til betre tettstader, også utanom dei større byane.

Transportsektoren står for ein tredel av dei samla klimagassutsleppa i Norge. Med utgangspunkt i Stortingets klimaforlik har kommunane fått ei sentral oppgåve i å bidra til redusert transportbehov gjennom samordna miljø-, areal- og transportplanlegging og ytterlegare verkemiddel som påverkar transportmiddelval. Kunnskapsutvikling og statlege verkemiddel for areal-, transport- og sentrumsutvikling har i stor grad vore retta mot storbyregionane (storbynettverk, miljøpakkar og statlege incentivordningar som belønningsordninga og byvekst-/bymiljøavtalane). Det er behov for å utvikle gode verktøy for berekraftig stadsutvikling også for mindre stader, som til skilnad frå store byar er prega av: 1. lågare belastning frå arbeidsreiser på vegsystemet, 2. ikkje har tilgang på store statlege finansielle midlar, 3. ikkje har bomring med tilhøyrande inntekter, 4. har større bilandel på daglege reiser, 5. manglar befolkningsgrunnlag for sterk kollektivtransport, og 6. venteleg har låge besøkstal i sentrum utanfor vanleg arbeidstid og kjernetid for handel.

Hovudmålet med prosjektet er å utvikle ein overførbar metodikk for samordning av areal-, transport- og sentrumspolitikk som fremjer attraktiv, inkluderande og klimavenleg utvikling av norske tettstader. Dette skal skje gjennom utvikling av tettstadspakkar knytt til fire tettstader med mellom 2400 og 5200 innbyggarar (det finst 96 norske tettstader i denne storleiken). Innovasjonen tettstadpakke har fått dette namnet for å markere at vi tilpassar den norske bypakke-modellen til ein mindre tettstadskontekst med fokus på samordning, systematisering og effektivisering av areal-, transport- og sentrumspolitikk. Tettstadene i prosjektet er Bø i Telemark, Sortland, Hol og Stryn. Tettstadspakkane vil vere ulike frå stad til stad, og det blir dei aktuelle kommunane som i samarbeid med lokale organisasjonar skal utforme desse. Det skal dei gjere med bistand frå dei tre forskingsinstitusjonane Transportøkonomisk institutt (fagleg prosjektleiar), NIBR og Vestlandsforsking, i tillegg til dei respektive fylkeskommunane og ulike statlege etatar. Bø og Sauherad kommunar (Midt-Telemark kommune frå 2020) er eigar av prosjektet, som tar utgangspunkt i forprosjektet Bygdepakke Bø (Tønnesen og Knapskog 2017). Tettstadspakke-prosjektet er finansiert av Regionale forskningsfond Oslofjordfondet, samt eigeninnsats og kontantbidrag frå deltakande kommunar, fylkeskommunar og andre partnarar.

Prosjektet har til saman sju arbeidspakkar, som i tillegg til prosjektleiing og formidling omfattar: Undersøkingar og pilottiltak (AP2), der ein skal finne ut kva som kjenneteiknar dei fire tettstadene og kva behov dei aktuelle kommunane har med omsyn til areal-, transport- og sentrumsutvikling; organisering og samarbeid (AP3), der ein skal utforme prinsipp for god organisering, samarbeid og inkludering i utforming av tettstadspakkar, med vekt på nye samarbeidsformer; Tiltakssamansetting (AP4) med utforming av tiltak og tiltakskombinasjonar til bruk i tettstadspakkar; indikatorar (AP5), der delmålet er å utvikle indikatorar som kan nyttast til å måle effekten av tettstadspakkar; og syntese (AP6), som går ut på samskaping av innovasjonen tettstadspakke gjennom fagleg syntese og kommunane si utvikling av lokale tettstadspakkar. Vestlandsforsking har hovudansvaret for arbeidspakke 5 og oppfølging av casekommunen Stryn, men vil delta i alle fasane av prosjektet.

Presentasjonar av prosjektet

Blogginnlegg frå Distriktssenteret

Sjå animasjon om tettstadpakkeprosjektet

Startdato:
Sluttdato:
Finansiert av:
Bø kommune/Regionale forskningsfond Oslofjordfondet
Prosjektnummer:
6514
Prosjektleiar:
Seniorforskar
Prosjektmedarbeidarar:
Leiande seniorforskar
Aktuelt: