Satsing på IKT som læremiddel 2019 - 2021

Vestlandsforsking deltek i prosjektet finansiert av fornyings- og innovasjonsmidlar 2019 som sekretær for IT- forum og medlem av arbeidsgruppa IT-forum oppvekst og utdanning. Selje kommune er prosjekteigar på vegne av kommunane i fylket der prosjekt- og arbeidsgruppe er IT-Forum Oppvekst og utdanning.

Vestlandsforsking har ansvar for oppfølging og rapportering.

Gjennom prosjektperioden vil IT-Forum Oppvekst og Utdanning på oppdrag frå regionane legge til rette for og vere rådgjevande i følgjande aktivitetar:

- Vidareutvikling og sikring av kunnskapsdeling som støttar opp om kvalitet på kommunale tenester knytt til god bruk av ikt i oppvekst og utdanningssektoren med årleg konferanse med over 100 engasjerte deltakarar. Denne møtearenaen har lang tradisjon og vart etterspurt dei få åra den ikkje vart gjennomført.

- Vere aktivt rådgjevande for IKT-strategival for oppvekst og utdanning i fylket.

- Legge til rette for informasjon og kompetanse/påfyll gjennom heile året gjennom ein studietur til leiiande nasjonal og/eller internasjonal konferanse.

- Regionalt forum for ikt-satsing der alle regionar og deltakande partar får løfta fram sine viktigaste saker, gjennom ei årleg strategisamling for oppvekst og utdanningsleiarar

- Dialog på tvers av heile oppvekst-, opplærings- og utdanningssektoren, med strategisamling.

- Auka aktivitet i ulike relevante fora i fylket frå ITFOU.

Styrke ei unik rolle for deling, beste praksis og problemløysing på tvers av skuleslag gjennom openheit og informasjon om kva alle jobbar med.

Startdato:
Sluttdato:
Finansiert av:
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane
I samarbeid med:
Selje Kommune
IT Forum
Prosjektnummer:
6534
Prosjektleiar:
Prosjektmedarbeidarar:
Aktuelt:
  • Middelaldrande mann med briller og vanlege klede står i trapp i eit moderne høgskulebygg

    – Dei siste åra har pedagogane i større grad innteke førarsetet, seier Øyvind Heimset Larsen ved Vestlandsforsking om IKT i opplæring og utdanning. På neste utgåve av konferansen, som av omsyn til smittevern er utsett til mars 2022, legg IT-forum Vest vekt på å vise fram dei gode døma på bruk av IKT i sektoren.