Kompetansemekling skal bidra til å fremje forskingsbaserte innovasjons- og utviklingsprosessar i offentlig sektor med særlig vekt på kommunale helse- og omsorgstenester og skule.

Hovudmålet med dette prosjektet er gjennom utvida dialog med aktuelle aktørar å bidra til at kommunane på Vestlandet kjem i betre posisjon til å gjere seg nytte av forsking som drivar i innovasjonsarbeid og at kommunane slik ser mulegheiter til å søke seg til RFF og andre ordningar til finansiering av forsking.

Delmål:

  1. Å kartlegge kva former for samarbeid som allereie er i gang mellom kommunar og forskingsmiljø og erfaringar med disse.
  2. Å avklare gjennom dialog med kommunane, forskingsbehov og forskingsinteresse, samt belyse samarbeidsområde med utviklingsmuligheiter.
  3. Å undersøke muligheitene for forpliktande samarbeid mellom forskingsmiljøa og kommunal helse- og omsorgsteneste og skole.
  4. Å identifisere relevante forskingsmiljø og knytte disse til konkrete behov og til prosesser i kommunal sektor.
  5. Å beskrive en strategi for å fremme samarbeid mellom forskingsmiljøa og aktørar i den kommunale sektoren, som kan utløyse innovasjons- og utviklingsprosessar.

Prosjektet er eit samarbeidsprosjekt mellom IRIS, Høgskolen i Bergen og Vestlandsforsking og IRIS har prosjektleiaransvar.

Startdato:
Sluttdato:
Finansiert av:
Regionalt forskingsfond Vestlandet
Prosjektnummer:
6273
Prosjektleiar:
Prosjektmedarbeidarar:
Publikasjon(ar):
Aktuelt:
  • Øyvind Heimset Larsen hadde innlegg på ein konferanse i Trondheim der tema var innovativ samhandling mellom utdanning, arbeidsliv og forvaltning. Norges forskningsråd, Innovasjon Norge og Sør-Trøndelag fylkeskommune sto bak konferansen og Høgskolen i Sør-Trøndelag var arrangør.