Sogn og Fjordane har i dei siste åra fått eit raskt veksande næringsmiljø knytt til IT og Telekommunikasjonstenester etter å ha hatt mykje aktivitet innanfor offentleg sektor gjennom mange år.  Høgskulen i Sogn og Fjordane har tidlegare gitt tilbod om ei bachelorutdanning i informasjonsbehandling, men denne vart stoppa på slutten av 2000-talet.  Nyare undersøkingar viser at næringslivet i fylket ynskjer ei IT-utdanning, men at denne bør vera næringsretta og relevant for bedrifter i regionen.  Frå Høgskulen sitt synspunkt må ei slik utdanning kunne trekka studentar både frå fylket og utanfrå, og det må vera jobbar tilgjengeleg i fylket for kandidatar frå eit slikt studium.  Dette prosjektet har som hovudmål å utgreie vilkår og moglegheiter for å få starte opp att ei IT-utdanning i fylket.

Dette prosjektet har utgangspunkt i ein utviklings- og modningsprosess som har føregått over fleire år i IT-forum Sogn og Fjordane. Hovudmålet for prosjektet er å sikre mobilisering og dialog mellom næringsliv og utdanningsmiljø for å klargjere kva grunnlag det finst i fylket for ei eventuell næringsretta og marknadstilpassa IKT-utdanning.

Dette hovudmålet skal realiserast gjennom mobilisering og dialogseminar om næringsretta IT-kompetanse og IT-utdanning saman med eit utvida kartleggingsarbeid av føresetnader for bruk av IKT-kompetanse i regionen både i næringsliv og i innovative offentlege miljø. Det er eit mål å sikre nært samarbeid mellom brukarsida og utdanningssida, og gjennom dette også å sikre relevans og god rekruttering.

 

Startdato:
Sluttdato:
Finansiert av:
Innovasjon Norge
Prosjektnummer:
6368
Prosjektleiar:
Prosjektmedarbeidarar:
Publikasjon(ar):