Miside-løftet - frå nettavis til nettbank

Vestlandsforsking er engasjert av KS Sogn og Fjordane for å gjennomføra prosjektet ”Miside-løftet – frå nettavis til nettbank”. Prosjektet skal hjelpa kommunane i Sogn og Fjordane til å integrera tenestene sine med Miside-portalen, i tillegg til å gi råd om god informasjonsarkitektur på dei kommunale nettsidene. I løpet av prosjektet vil det bli gjennoført samlingar med kommunane der hovudtema Miside-integrasjon og informasjonsarkitektur blir tema.

Startdato:
Sluttdato:
Finansiert av:
Kommunenes Sentralforbund Sogn og Fjordane
Prosjektnummer:
6140
Prosjektleiar:
Prosjektmedarbeidarar:
Aktuelt:
  • Vestlandsforsking inviterer i samarbeid med Difi til seminar om Los på Rica Sunnfjord Hotel i Førde onsdag 15. april. Seminaret blir arrangert som del av KS-prosjektet "Miside-løftet" og i samarbeid med "Ressursnettverk for e-forvaltning". Målgruppa er alle kommunar som enten har teke i bruk Los eller som ønskjer å ta det i bruk.

  • Møtet om bruk av Los, arrangert av Vestlandsforsking og Difi, samla 40 deltakarar på Rica Sunnfjord Hotel i Førde. Seminaret vart arrangert som ein del av prosjekta "Miside-løftet - frå nettavis til nettbank" (prosjekt i regi av KS Sogn og Fjordane) og Ressursnettverk for e-forvaltning (www.rnef.no). Det siste prosjektet på grunn av Vestlandsforsking si rolle som knutepunkt for elektronisk samhandling i offentleg sektor.