Kunnskapsgrunnlag Nærøyfjorden Verdsarvpark

Prosjektet skal vere med å styrke kunnskapsgrunnlaget for Nærøyfjorden Verdensarvpark. Verdensarvparken har ambisiøse mål og søkjer å nå desse ved å få etablerte organisasjonar, bedrifter og offentlege instansar til å slutte seg til skissert visjon, mål og strategiar. Parken skal ikkje overta funksjonar, oppgåver eller rolle til etablerte aktørar, men vere ein katalysator.  Det overordna strategiske grepet er nettverksorganisering utan at det er nærare definert.

På den andre sida opplever Parken utfordringar med å få etablerte organisasjonar til å bygge ein parkidentitet, altså styrke fellesskapen, som er ein føresetnad for at visjon og mål skal verte realisert. Dei fleste organisasjonar vil ha ein hang til å fokusere på eigne behov og profilere seg sjølv.

Denne tosidigheita; søkje å realisere visjonen gjennom etablerte organisasjonar, men samstundes vere avhengig av å byggje ein ny felles identitet og kultur, er ein overordna organisatorisk utfordring. Dette er utgangspunktet for kunnskapsgrunnlagsprosjektet, som skal summere erfaringane frå tidlegare samhandling mellom etablerte organisasjonar i området. Vidare skal prosjektet relatere desse erfaringane til faglitteratur på området. Til sist skal prosjektet vurdere om dei skisserte organisatoriske grepa er tilstrekkeleg for å få ein god samanheng mellom styrking av fellesskap (kultur og identitet for kunnskapsdeling) og nytte for den einskilde verksemda.

Startdato:
Sluttdato:
Finansiert av:
The Research Council of Norway
Prosjektnummer:
6087
Prosjektleiar: