Kunnskap om informasjon- og kommunikasjonsteknologi i regional utvikling

Strategisk instituttprogram:

I evalueringa av regionale forskingsinstitutt i 1997 vart IT-avdelinga ved Vestlandsforsking vurdert å ha høg regional relevans, omfattande aktivitet, og å ha utvikla viktige internasjonale nettverk, og etablert store prosjekt innafor EU sine forskings- og utviklingsprogram med relevans for Norge. Evaluatorane peika likevel på behov for meir fagleg bearbeiding og publisering gjennom eit strategisk instituttprogram. Programmet starta i 1999 og omfattar tre hovedkomponentar. 1. Komplettering av kunnskapsstatus for evalueringsmetodar og "re-engineeringsmetodar" tilpassa regionale IKT satsingar. Korleis kan aktuelle evalueringstradisjonar legge grunnlag for effektiv og påliteleg analyse av IKT i regionale utviklingssatsingar? Er "Re-engineringsmetodane" utvikla innafor store organisasjonar også eigna til å analysere effektar av IKT-satsingar i mindre bedrifter og i interorganisatorisk samhandling i rurale område? 2. Fagleg bearbeiding og metodeutvikling basert på omfattande datagrunnlag i to case. Case 1: Analysere erfaringar og effektar av aktivitetane i og rundt IT-forum Sogn og Fjordane sidan starten i 1995. Case 2: Analysere erfaringar og effektar av det internasjonale samarbeid sidan begynnelsen av 90-talet. Vurdere effektar med utgangpunkt i metodeapparatet ovanfor, og samanlikne med studier i andre europeiske regionar. Publisering med særleg vekt på metodeutprøving og metodeutvikling. 3. Utvikling av permanente nettverk for akademisk bearbeiding, inkludert formell tilknyting og rettleiing for doktorgradsprogram. I løpet av prosjektperioden skal to nye doktorgradsprogram vere igang.

Startdato:
Sluttdato:
Finansiert av:
Norges forskningsråd
Prosjektnummer:
5172
Prosjektleiar: