Prosjektet tar utgangspunkt i at kommunar, andre offentlige etatar, bedrifter og frivillige organisasjonar har ulike utfordringar når det gjeld klimatilpassing, og at standardiserte «klimatilpassingsoppskrifter» ikkje vil treffe alle. Dette gjeld både regelverk og retningsliner på den eine sida, og konkrete naturbaserte utfordringar på den andre. Denne erkjenninga kan skapa ein eigna plattform mellom ulike deltakarar for kunnskapsutvikling og bruk av kunnskap til utforming av tiltak. Klimathon er eit forsøk på å etablere organisatorisk infrastruktur for refleksjon, perspektivutvikling og kompetanseheving, der involverte aktørar vil lære av kvarandre. Fordelen er at klimathon gjer arbeidet med å samle og strukturere kunnskap om klimatilpassing på tvers av offentleg- og privat sektor, lettare. Prosjektet tar sikte på å å vidareutvikla klimathon som arbeidsmetode på tre måtar: Samlinga klimathon III, hausten 2020, analysere samproduksjon som tematikk, innsamling av kvalitative data og refleksjon om kva rolle desse data kan ha i forskinga om klimatilpassing og -omstilling.

Interessert i KLIMARISIKO og klimatilpassing for lokalt næringsliv og planlegging og utbygging i kommunane? 

Bli med på Klimathon2020!

Klimathon vert i år ei heildigital samling 18.-19. november. Meir informasjon om arrangementet og påmelding kan du finne på sidene til Vestland fylkeskommune, her

 

Startdato:
Sluttdato:
Finansiert av:
Noradapt
I samarbeid med:
NORCE
Vestland fylkeskommune
CICERO
Nordlandsforsking
CET, univeritetet i Bergen
Prosjektnummer:
6516-24
Prosjektleiar:
Prosjektmedarbeidarar:
Aktuelt: