IT- Forum Vest bidrar til berekraftig vekst i Vestland gjennom eit breitt samarbeid om IT i næringsliv, offentleg sektor, utdanning og forsking.  Nettverket IT-Forum Sogn og Fjordane, etablert i 1995, vart 18.10.2019 skipa som foreininga IT-Forum Vest. Gjennom eit utvida regionalt samarbeid vart rolla som ein viktig utviklingspartnar i det nye Vestland forsterka.

IT- Forum Vest tek initiativ til, samordnar og bidrar i felles utviklingsaktivitetar til nytte for heile regionen. Vi skal vere ein viktig alliansepart og sterk bidragsytar for å skape ein god morgondag for alle i Vestland gjennom bruk av teknologi.

Vestlandsforsking har i oppdrag å bidra med administrasjon av IT-Forum Vest saman med Ymsir AS. I tillegg er vi sjølve medlem.

Foreningen har eiga nettside: www.it-forum.no

Startdato:
Sluttdato:
Finansiert av:
IT-Forum Vest
I samarbeid med:
Ymsir AS
Prosjektnummer:
6550
Prosjektleiar:
Prosjektmedarbeidarar:
Aktuelt:
  • Kvinne i møterom, snakkar til deltakarar

    IT-forum Vest og Vestlandsforsking inviterer til ein ny og utvida IT-konferanse i lag med samarbeidspartar i næringsliv og offentleg sektor. – Dette er ein tradisjonsrik konferanse som har hatt ein pause. Akkurat som organisasjonen har konferansen no eit breiare nedslagsfelt, seier forskar Øyvind Heimset Larsen. – Skal vi vere gode på teknologi, ser vi at vi må jobbe saman, seier organisator Anne Mette Hjelle.