Irland og næringsretta utdanning

NHO Sogn og Fjordane har bedt Vestlandsforsking om å kartlegge korleis systemet for høgre utdanning i Shannon-regionen i Irland er organisert. Bakgrunnen for dette er at høgre utdanning i Irland tilsynelatande er betre innretta mot å identifisere framtidige behov i arbeidslivet og er meir yrkesretta enn kva tilfellet er i Norge. NHO ynskjer å få vurdert kva som er kritiske suksessfaktorar i det irske systemet, og i kva grad desse kan settast i verk i Norge. Den overordna målsettinga med forprosjektet er å undersøke grunnlaget for eit prosjekt på nasjonalt nivå for NHO. Relevante spørsmål i arbeidet vil vere: Kva slags møteplassar finst mellom næringsliv og utdanningssystem i Irland? Korleis blir irske studentar motiverte til å studere næringsrelevante fag? Korleis blir næringsaktørane i Irland motiverte til å samarbeide med utdanningsaktørar?  Deler av kartleggingsarbeidet blir gjennomført av ein av Vestlandsforsking sine samarbeidspartnarar frå Irland.
Startdato:
Sluttdato:
Finansiert av:
NHO
Prosjektnummer:
6093
Prosjektleiar:
Prosjektmedarbeidarar: