Improve - Involving the community to co-produce public services

IMPROVE er eit prosjekt under Northern Periphery and Arctic 2014-2020 der målet er å auke innovasjonsnivået innan teknologidrivne offentlege tenester. I utvalde perifere/rurale regionar i partnarlanda Noreg, Island, Finland, Sverige, Irland og Nord-Irland vert modellar og verktøy for innovasjon utvikla gjennom ein Living Lab-metodologi, der også samarbeid med brukarar i utvikling av offentlege tenester vert vektlagd. Eit "Transnational Living Lab Network" er etablert av partnarane. Nettverket vil vera ein virtuell møtestad der deltakarane kan dele erfaringar og diskutere korleis ein kan bli betre på ein slik samproduksjon med brukarar i utviklinga av teknologibaserte offentlege tenestar.

Vestlandsforsking er norsk partnar i IMPROVE. Saman med kommunar i Sogn og Fjordane har Vestlandsforsking vore involvert i utvikling av teknologibaserte tenester i helsevesenet i ei årrekkje. Gjennom IMPROVE er Vestlandsforsking og kommunar i Sogn og Fjordane engasjert i å utvikle metodar og verktøy for samproduksjon av offentlege tenester knytt til velferdsteknologi.

Meir om prosjektet

Pressemelding - august 2016

Startdato:
Sluttdato:
Finansiert av:
Northern Periphery Programme
Prosjektnummer:
6399
Prosjektleiar:
Prosjektmedarbeidarar: