Fleirbruk av Kaupangerhalvøya

Hovudmålet med FOU-prosjektet er å utvikle kunnskap, metode og tiltak for samordna arealbruk i utmark mellom jakt og ulike former for friluftsliv for å redusere konfliktar og styrke lokal verdiskaping.

Prosjektet skal (delmål):

  1. Få fram kunnskap om bruken og brukarar av området i dag og dei viktigaste endringane i bruken dei siste 25 åra. Få fram kunnskap om korleis jakt, vandring, stisykling og anna friluftslivsaktivitet påverkar kvarandre, kva som er gjort for å førebygge konfliktar tidlegare og i kva grad tiltaka har hatt effekt
  2. Utvikle ein metode og tiltak for å skape ein samordna arealbruk av utmarka
  3. Teste effekten av tiltaka (og metoden) på bruken og brukarane gjennom eit pilotforsøk
  4. Implementere metoden og tiltaka i arealplansystemet og utvikle organisatoriske løysingar for å forankre metoden i kommuneorganisasjonen
  5. Dokumentere og publisere resultata frå alle delmål til brukarane og ålmenta

Vi skal nå desse måla ved å gjennomføre ein dialogprosess med representantar frå brukarane av utmarka, utvikle metode og tiltak for samordna bruk, teste effekten av tiltaka/metoden i felt, revidere tiltak og metode og implementere systemet hos brukarane og i kommunen

Prosjektet har eigen prosjektnettstad på prosjekt.vestforsk.no/fleirbruk.

I media: artikkel i forskning.no (mars 2020)

Startdato:
Sluttdato:
Finansiert av:
Sogndal kommune
Prosjektnummer:
6364
Prosjektleiar:
Prosjektmedarbeidarar:
Aktuelt:
  • I forprosjektet om fleirbruk på Kaupangerhalvøya gjennomførte Vestlandsforsking ein dialogprosess mellom dei ulike brukargruppene. Eigenevaluering av deltakarane tyder på at prosessen i seg sjølv var konfliktdempande og at deltakarane fekk betre innsikt og forståing i andre sine synspunkt og bruk av område.

  • Vestlandsforsking er prosjektleiar for eit nytt FoU-prosjekt, som skal bidra til å finne løysing på korleis bruken av utmark kan forvaltast til det beste for lokal verdiskaping, friluftsliv, allemannsretten, biologisk mangfald og grunneigarane sine interesser.