Enable - Enabling European Entrepreneurship

ENABLE er eit prosjekt innanfor INTERREG IIIC. Partnerskapen består av fire utkantregionar fjernt frå både nasjonale og internasjonale økonomiske senter. Alle regionane står overfor liknande utfordringar og ser felles muligheiter til å arbeide vidare med desse problemstillingane.  Ei felles utfordring er overgangen frå tradisjonell industri og / eller landbruk til kunnskapssamfunnet.

Overgangen frå tradisjonell industri til kunnskapssamfunnet samt utflytting av unge velutdanna og manglande tilbakeflytting etter avslutta utdanning er hovudutfordringa.  Fokus i ENABLE er derfor å vidareutvikle eksisterande bedrifter ved å fokusere på innovasjon, opplæring og det å skape attraktive arbeidsmiljø.  Viktig i dette arbeidet er å etablere langvarige samarbeids relasjonar mellom bedrifter i regionane. 

ENABLE er eit program med aktivitetar på programnivå for å styrke samarbeidet mellom dei fire regionane og i tillegg skal prosjektet finansiere bedriftsretta delprosjekt.  ENABLE vil ha opne utlysingar av midlar hausten 2004 og 2005.  21 Prosjekt er blitt finansiert, kvart med deltakarar frå minst 2 av landa.  Sogn og Fjordane bedrifter deltar i 9 delprosjekt, Hordaland bedrifter deltar i 12 prosjekt.

Vestlandsforsking har vore eksterne ekspertar og levert kunnskapsbidrag og assistanse til programnivået. I tillegg har vi deltatt i arbeidet med etablering og oppfølging av delprosjekt. 

Startdato:
Sluttdato:
Finansiert av:
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Prosjektnummer:
5278
Prosjektleiar:
Forskingsleiar TekSam
Prosjektmedarbeidarar:
Publikasjon(ar):