BookTownNet prosjektet er eit samarbeid mellom fem bokbyar i Europa, Bredevoort, Fjærland, Hay-on-Wye, Montolieu og Redu og University of Luton og Vestlandsforsking. I prosjektet utviklar, demonstrerer og evaluerer ein bruk av IKT baserte tenester som støtter behova i bokbyane. Tenestene omfattar både samhandlingsverktøy i og mellom bokbyane og e-business på Internet. Hovudmålet er å støtte dei små verksemdene i bokbyane ved verktøy som gjer det muleg å koordinere den interne aktiviteten og å kommunisere med bok-elskarar frå heile verden som er potensielle besøkande og kundar i bokbyane. Prosjektet vart starta i Juli 1998 og varer i 24 månader. Prosjektet er delfinansiert av EU Kommisjonen og mottar Norsk delfinansiering frå SND og Komunal og Regional departementet. Prosjektet vert leia frå Vestlandsforsking
Startdato:
Sluttdato:
Finansiert av:
EU-kommisjonen
Prosjektnummer:
5169
Publikasjon(ar):