Benjamin K.
Sovacool
tilsett
Stillingstittel:
Forskar
Akademisk tittel:
Professor
Tilsett:
2019

Dr. Benjamin K. Sovacool er professor i energipolitikk på forskingseininga hjå University of Sussex Business School i Storbritannia, der han også er direktør for Sussex Energy Group.

Professor Sovacool jobbar som forskar og konsulent, med tema knytt til energipolitikk, energisikkerheit, reduksjon av klimaendringar og klimatilpassing. Forskinga hans har fokus på på fornybar energi og energieffektivitet, storskala energi-infrastruktur, utforming av offentleg politikk for å betre energisikkerheit og straumforsyninga. Han er hovudforfattar når det internasjonale klimapanelet kjem med sin sjette vurderingsrapport i 2022.

Sovacool er også energirådgjevar for Europakommisjonens generaldirektorat for forsking og innovasjon i Brussel.

I Storbritannia har han leia prosjekt finansiert av Economic and Social Research Council, Natural Environment Research Council, og Engineering and Physical Sciences Research Council.

Benjamin Sovacool har motteke fleire nasjonale og internasjonale prisar og heidersteikn, inkludert "Distinguished Graduate Alumni Achievement Award" frå sin Alma Mater Virginia Tech, "Dedication to Justice Award" gitt av American Bar Association, og ein "Distinguished Visiting Energy Professorship "på Environmental Law Center hjå Vermont Law School.

 Arbeidet hans får stor og brei mediaomtale, og Sovacool er mellom dei mest siterte forskarane på problemstillingar og kontroversar kring energi- og klimapolitikk.