La fram forsking på smart teknologi og klimatilpassing for Landbruks- og matdepartementet

LMD på Amble Gård
Før besøket på Campus Sogndal var Forskings- og administrasjonsavdelinga i Landbruks- og matdepartementet innom Amble Gård, der dei fekk ei omvising ved Mette Marie Heiberg. Dagen etter var departementet i Lærdal, der dei fekk sjå ein del av det forskarane i Sogndal hadde omtalt. Foto: Gry Færevik, LMD

Smart teknologi spelar ei viktig rolle i landbruket sin del av det grøne skiftet. Nyleg fekk ei avdeling frå Landbruks- og matdepartementet høyre om spennande, ny forsking på teknologien som står sentralt i denne overgangen, og forsking på klimatilpassing og klimarisiko som kryssar landegrenser.

Møtet mellom forskarane og Landbruks- og matdepartementet fann stad i Sogndal førre veke, og kom i stand fordi departementet la ein studietur til Lærdal og Sogndal. Med på turen var heile Forskings- og administrasjonsavdelinga i departementet.

Gjestene frå LMD var svært interesserte i å sjå Campus Sogndal, der Vestlandsforsking, Høgskulen på Vestlandet og mange andre organisasjonar held til. I omvisinga la Vestlandsforsking sin direktør, Anne Karin Hamre, vekt på samhandlinga mellom idrett, næringsliv, utdanning og forsking.

Hilde G. Corneliussen snakkar til ei forsamling om landbruk og teknologi
Forskingsleiar for teknologi og samfunn, Hilde G. Corneliussen, snakka om vestlandske forhold i landbruket og korleis smart teknologi kan bli ein del av det grøne skiftet i sektoren. Foto: Idun A. Husabø

I tillegg til å møte forskarar inne på Høgskulebygget, var byråkratane i frukthagar og på eit flunkande nytt pakkeri i Lærdal for å sjå og oppleve det sogningane snakka om, frå eksperiment med bananplanting til hausterobotar som skal trenast til å plukke bringebær i bratt vestlandsterreng.

Smarte pakkeri

Blant forskarane som møtte delegasjonen, var Hilde G. Corneliussen, forskingsleiar for teknologi- og samfunnsforskarane ved Vestlandsforsking, som gav eit overblikk over det instituttet er med i av forskings- og utviklingsprosjekt.

Til dømes har stordata og kunstig intelligens for lengst gjort sitt inntog i pakkeria i fruktdistriktet, der optisk sorteringa av morellar alt er eit faktum. Fargenyansane i skalet gir såpass mykje informasjon om kor moden ein morell er, at teknologien lett kan sortere på ein måte som høver for grossistar og marknad. Dei lysaste morellane vil halde seg lengst, og går difor til kundar langt unna. Med smarte løysingar som hjelper dyrkarane, kan ein til dømes unngå svinn.

–Teknologi driv det grøne skiftet framover

– Dette er eitt av fleire døme på at teknologien er med på å drive det grøne skiftet framover, forklarte Hilde G. Corneliussen. Også seniorforskar Malin Waage deltok i presentasjonen, og viste korleis maskinlæring kan gje langt meir presis innsikt i kor stor vassføring eit kraftverk kan rekne med neste dag. Modelleringa byggjer på eit samarbeid med Sognekraft, der Waage så langt har oppnådd 95 prosents treffsikkerheit.

Halvor og Synnøve presenterer grenseoverskridande klimarisiko
Forskingsleiar for klima og miljø, Halvor Dannevig, fortel om korleis klimarisiko kan importerast gjennom handel og andre internasjonale samarbeid. Til høgre: forskar Synnøve S. Beitnes. Foto: Idun A. Husabø

 

Også det seksårige teknologiprosjektet Teknoløft, representert av prosjektleiar Erik Kyrkjebø ved Høgskulen på Vestlandet, var med på presentasjonen. Førsteamanuensis Martin Fodstad Stølen forskings- og innovasjonssenteret for robotikk ved HVL hadde teke med seg ein robot som for tida er under utprøving i eit testanlegg på Njøs på Leikanger. Dei hadde med seg dagleg leiar Stein Harald Hjeltnes ved Njøs frukt- og bærsenter, som snakka om Njøs-miljøet som ein viktig utviklingsaktør innan frukt- og bærdyrking.

Landbruket kan bli råka av ting som skjer ander stader

Også forskingsleiaren for klima- og miljø, Halvor Dannevig, la fram forsking for dei rundt 30 gjestene frå departementet. Dannevig orienterte om forskingssenteret Noradapt, som Vestlandsforsking driv på vegner av landets fremste forskingsmiljø på klimatilpassing, der ei berekraftig tilnærming til samfunnet si klimatilpassing står sentralt. Forskar Synnøve S. Beitnes fortalde om korleis klimarisiko kan «importerast» frå land ein handlar med, til dømes på landbruksfeltet. Dei fleste bønder som driv med storfe, har basert seg på kraftfôr der soya frå Brasil er ein nødvendig komponent.

– Skulle avlingane i Brasil slå feil, slik vi har sett mange avlingar slå feil den siste tida her til lands, vil det få alvorlege følgjer for mange bønder. Slik kan klimarisikoen krysse landegrenser, forklarte Beitnes.

I ei verd som er meir uroleg og byr på hyppigare ekstremvêr, er det ikkje vanskeleg å sjå for seg at avlingssvikt i Brasil kan førekome samtidig med at vi sjølve blir råka av ekstremvêr eller avlingar som sviktar, slik både «Hans» og ein dårleg korn- og potethaust i aust har vist no nyleg.

– Eit meir klimatilpassa jordbruk vil òg vere meir motstandsdyktig mot grenseoverskridande klimarisiko, sa Beitnes.

Berekraft kan bety å søke bakover i tid

Forskings- og administrasjonsavdelinga bidreg til å vidareutvikle og gjennomføre forskings-, innovasjons- og utdanningspolitikken retta mot landbruks- og matsektoren. Avdelinga samordnar arbeidet med tryggleik, beredskap og digitalisering i landbruks- og matforvaltinga, og har ansvar for styringsdialogen med Norges forskingsråd i tillegg til etatsstyringa av Nibio, Norsk institutt for bioøkonomi.

Tauverk
Seniorforskar Torunn G. Hønsi fortalde om arbeidet for å finne berekraftige, kortreiste materiale som kan erstatte hamp importert frå Kina i tau som blir produserte i Hardanger på tradisjonelt vis. Foto: Idun A. Husabø

Det var difor òg relevant for fleire av gjestene å høyre at Vestlandsforsking jobbar med sirkulær bioøkonomi. Seniorforskar Torunn G. Hønsi orienterte mellom anna om eit regionalt prosjektsamarbeid om tauverk med reipslagarar, kulturformidlarar og reiselivet i Hardanger. Eitt av måla er å finne berekraftige alternativ til importert hamp i den tradisjonsrike produksjonen av tauverk.

– Vi ser ofte framover for å finne svar om berekraft, men ofte finst svara i fortida, sa Hønsi, og viste til naturmateriala som var vanlege i tau før ein fekk plast og nylon som fører til plastureining i hava og bidreg til klimagassutslepp i produksjonsfasen.

Hønsi fortalde òg om spennande næringssamarbeid om biokol. Både lokal produksjon og bruk i landbruket har fleire fordelar, ettersom biokolet både kan «ladast» med næring jorda treng og fungerer som ein buffer mot flaum og tørke.

HVL og VF presenterer Campus Sogndal
Samarbeidet på Campus Sogndal var litt av det gjestene frå Landbruks- og matdepartementet ville høyre meir om i Sogndal. Geir Kåre Resaland (prorektor for regional utvikling og prorektor for forsking ved HVL) og Anne Karin Hamre (direktør ved Vestlandsforsking) orienterte. Foto: Idun A. Husabø

– Men for å få fart på bruk og produksjon av biokol, trengst det insentivordningar, sa Hønsi.

La merke til det gode samarbeidet

Blant tilhøyrarane frå Landbruks- og matdepartementet var ekspedisjonssjef Hanne Yssen.

– Besøket vårt på Vestlandsforsking var nyttig for oss som arbeider med landbruks- og matforsking. Her trefte vi dedikerte forskarar som informerte om utvalde prosjekt knytt til sektoren. Det var spennande å høyre om instituttet si kunnskapsutvikling knytt til mellom anna klima, berekraft, og teknologiutvikling, sa Yssen etter besøket.

– Vi fekk òg inntrykk av at det er utvikla et  godt samarbeid mellom Vestlandsforsking, Høgskulen på Vestlandet, andre FoU-miljø og ikkje minst landbruksnæringa i landsdelen.