Vestlandsforsking med på å forme framtidas berekraftige reiseliv

Agnes B. Engeset
Kulturhistorikar og seniorforskar Agnes Brudvik Engeset representerer Vestlandsforsking i den nasjonale strategigruppa for Reiseliv 2030. Ho har òg nyleg levert eit høyringssvar til NOU-en "Leve og oppleve". (Foto: Tore F. Lie, Falkeblikk)

Norsk reiseliv skal bli meir berekraftig, men korleis? Agnes Brudvik Engeset ved Vestlandsforsking er med i ei strategigruppe som føreslår prioriteringar for forsking og innovasjon i reiselivet fram mot 2030. Her og i instituttet sitt høyringssvar til reiselivs-NOU-en “Leve og oppleve”, bringer Engeset inn viktige perspektiv frå fagmiljøet ved instituttet.

Reiselivet er ei næring Noreg satsar stort på. I Hurdalsplattforma nemner regjeringa fleire mål for næringa, og ei nasjonal strategigruppe skal bidra til å nå desse. Strategigruppa for prosessen som blir kalla "Reiseliv 2030" skal peike på forskings- og innovasjonstiltak som bidreg til at reiselivsnæringa blir meir heilårleg, skapar aktivitet i heile landet, bidreg til auka verdiskaping og gjennomfører ei grøn omstilling. 

Medlemmer i strategigruppa

Åsunn Lyngedal

Ronny Brunvoll

Erik Brynhildsbakken

Tim Davies

Dorte Helen Næss Eide

Agnes Brudvik Engeset

Åsa Helen Gran

Bård Jervan

Torild Langklopp

Gudrun Sanaker Lohne

Svineng Magne

Camilla Tepfers

Trounn Tronsvang

Håvard Utheim

Det første møtet i denne gruppa fann stad i Oslo 13. juni, og blant medlemmene er Agnes Brudvik Engeset, kulturhistorikar og seniorforskar ved Vestlandsforsking.

Kjenner distriktsreiselivet

– Det er spennande å få vere med og påverke. Eg bringer særleg inn erfaringar og perspektiv frå reiselivet i Distrikts-Noreg, som vi har forska på og som Vestlandsforsking kjenner godt, seier Agnes. Ho tykkjer òg det er viktig å representere regionen instituttet er forankra i, som har ein lang og rik tradisjon for å ta imot tilreisande og tilby opplevingar i naturen.

– Vestlandet er ein turistregion; kven av oss har ikkje stått i oppvasken eller resepsjonen på eit turisthotell, seier ho. 

– Ved Vestlandsforsking har vi god innsikt i den samansette reiselivsnæringa, som både består av store og små aktørar, deltids- og heiltidsaktørar. Vi kjenner spennet frå “reine” reiselivsbedrifter til dei som kanskje identifiserer seg meir med andre næringar, som gardsturisme eller transportselskap, seier Agnes.

NOU-en går vekk frå vekst

Fagmiljøet ved Vestlandsforsking utmerkar seg òg med spisskompetanse på den grøne sida av framtidas reiseliv. Nyleg sende instituttet eit skriftleg høyringssvar til den ferske NOU-en “Leve og oppleve: Reisemål for en bærekraftig framtid” som Reisemålsutvalet la fram i mars. 

Langsiktig og berekraftig verdiskaping

Innovasjon Norge har sekretariatet for prosessen Reiseliv 2030.


Strategigruppa skal legge fram tilrådingar om korleis ein kan innrette den samla verkemiddelbruken, forskingsinnsatsen og annan innovasjonsfremmande aktivitet, på ein slik måte at ein oppnår ei langsiktig og berekraftig verdiskaping i reiselivet.

“Reiselivet er den første sektoren som får eit nasjonalt styringsdokument som tek klimaomstilling på alvor”, sa leiande seniorforskar Carlo Aall ved Vestlandsforsking etter framlegginga. Han trekte særleg fram formuleringa om at det er “krevjande å handtere volumvekst i næringa samtidig med ei berekraftig utvikling” og kalte det “langt på veg grensesprengande”.

– I det skriftlege svaret roste vi utvalet for å vere tydeleg på at klimaomstilling må til, sjølv om det betyr at enkelte bedrifter ikkje har livets rett, seier Agnes.

Grøne kulturturistar

I høyringssvaret og i arbeidet med strategigruppa vil Engeset også bidra til å løfte fram den rolla kulturen spelar i eit berekraftig reiseliv.

– Forsking vi har gjort viser at tilreisande til Noreg som er interesserte i kulturopplevingar, også er litt meir opptekne av klima og miljø enn andre turistar. Dei er meir villige enn andre til å ta miljøvenlege val, og er relevant når næringa tek stilling til kva slags turistar dei vil satse på.

Les høyringssvaret frå Vestlandsforsking