Pris for beste artikkel gjekk til stadutviklingsprosjekt

To kvinner og to menn poserer framfor utsikt over Sogndal med bok
Prisen for beste artikkel i Fjordantologien 2021 går til Surround-prosjektet. Forfattarane er Karen Richardsen Moberg, Liv Norunn Hamre, Kyrre Groven og Torbjørn Selseng - her avbilda på Campus Sogndal, nær Vestlandsforsking og HVL sine lokale, med ein av tettstadene dei skriv om i bakgrunnen. Foto: Idun A. Husabø

Fire forskarar frå Vestlandsforsking og Høgskulen på Vestlandet fekk 17. juni prisen for beste vitskaplege artikkel under Fjordkonferansen 2021. Artikkelen formidlar funn frå forskingsprosjektet Surround, som handlar om stadutvikling i Sogndal, Horten, Malvik og Trondheim.

Fjordkonferansen er ein årleg, akademisk konferanse der forskarar frå Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal legg fram forskingsfunn for kvarandre. Dei fleste presentasjonane blir òg sende inn i form av ein vitskapleg artikkel som går gjennom ei fagfelle-vurdering og til slutt publisering i ei samling kalla Fjordantologien.

Fjorårets konferanse, som i hui og hast vart digital, hadde stadutvikling som overordna tema. Eit utval av artiklane som kom ut av 2020-konferansen, er no publiserte i Fjordantologien 2021. Prisutdelinga, der Sparebanken Møre annonserte vinnarbidraget, fann stad 17. juni kl. 12, på dag 2 av årets konferanse.

Vinnarbidrag om fortetting og byspreiing

Framside på publikasjon, med bakgrunnsfoto av tettstad ved fjord

Vinnarbidraget heiter «Fortetting og byspreiing: Praksis og haldningar gjennom tretti år i fire norske kommunar». Temaet er kartlegging av endra arealbruk i dei fire kommunane Surround-prosjektet ser på – Sogndal, Horten, Malvik og Trondheim.

Forskarane har sett på arealbruken rundt 1990 og rundt 2020 og analysert endringstrekka over denne 30-årsperioden. Dei ser på kva som driv utviklinga på kvar stad og skapar ei bestemt utvikling i arealbruken.

- Vi ser på kor mykje verdifullt areal ein har tillate seg å byggje ut kvart år. Eit litt overraskande funn er at Sogndal peikar seg negativt ut fordi tettstaden har est mest ut av dei vi har studert, seier prosjektleiar i Surround, Kyrre Groven.

Forskinga viste at Sogndal har lagt beslag på dobbelt så mykje naturareal og jordbruksareal i høve til veksten i folketal dei siste 30 åra. Det vil seie at tettstaden Sogndal har hatt ei mindre berekraftig utvikling enn dei andre tettstadene prosjektet studerer.

Fyller kunnskapshol om mindre tettstader

Redaksjonen grunngir prisen med at artikkelen held høg vitskapleg kvalitet og er gjennomarbeid både metodisk, analytisk og språkleg, i tillegg til at det blir vist til eit omfattande empirisk materiale.

«Artikkelen bidreg til å tette fleire kunnskapshol. I følgje artikkelforfattarane er kunnskap om fortetting og byspreiing, både som fysisk fenomen og som politikkområde best utvikla for dei større byområda, medan ein veit mindre om korleis byspreiing og fortetting har utvikla seg i og rundt små og mellomstore tettstader. I tillegg er det òg behov for meir kunnskap om korleis desse prosessane har endra seg over tid. Artikkelen er dermed med å fylle ny kunnskap inn dette kunnskapsholet i tillegg til at bidraget er viktig for det ålmenne ordskiftet fortetting og byspreiing».

Vinnarartikkelen

«Fortetting og byspreiing: Praksis og haldningar gjennom tretti år i fire norske kommunar»

Forfattarar: Kyrre Groven, (Vestlandsforsking), Liv Norunn Hamre (HVL), Karen Richardsen Moberg (VF) og Torbjørn Selseng (VF).

Redaksjonen nemner det òg som eit pluss at artikkelen er eit resultat av samarbeid mellom institusjonar og såleis stør opp under ei av Fjordkonferansen sine målsetningar. Sist, men ikkje minst, trefte artikkelen midt i blinken for tematikken til Fjordantologien 2021.

Vestlandsforsking med på 4 av 15 artiklar

Antologien som no er sleppt har 15 tekstar, og forskarar ved Vestlandsforsking har bidrege til fire av dei. Sjølv om publisering i internasjonale tidsskrift heng høgast og gir best utteljing for forskarane, er det nyttig for yngre eller mindre erfarne forskarar å prøve seg på ein norskspråkleg arena med ei regional ramme. Både det å bidra med tekstar og presentasjonar og å vurdere andre sine tekstar, gir viktig og relevant trening.

- Vestlandsforsking har oppdaga Fjordkonferansen som ein verdifull arena å utfalde seg på, seier Kyrre Groven, førsteforfattaren bak vinnarbidraget.

 

Vestlandsforsking sine bidrag til Fjordantologien 2021

  • «Globale miljømål og gode nærmiljø – kan dei verke saman? Ein diskusjon av berekraftig tettstadutvikling i Sogndal» av Marte Lange Vik, Liv Norunn Hamre, Kyrre Groven, Emma Haugen Gamme, Henning Stokstad og Leif Hauge (tema: planlegging)
  • «Fortetting og byspreiing: praksis og haldningar gjennom tretti år i fire norske kommunar» av Kyrre Groven, Liv Norunn Hamre, Karen Richardsen Moberg og Torbjørn Selseng (tema: planlegging)
  • «’Niliv’: innovasjonsøkosystem for stadutvikling – Lærdomar frå åtte nettverk» av Øyvind Heimset Larsen, Jon Gunnar Nesse og Ingjerd Skogseid (tema: næringsutvikling)
  • «Med hjarte på rette staden – turistopplevingar, kultur og ‘sense of rural place’» av Agnes Brudvik Engeset, Anna Maria Urbaniak-Brekke og Øyvind Heimset Larsen (tema: næringsutvikling)

 

Oversikt over alle bidraga i Fjordantologien 2021