H2020-prosjektmøte ved Frankfurt Big Data Lab

""

Det første arbeidsmøtet i eit nytt EU-prosjektet om big data i transportsektoren som Vestlandsforsking koordinerer, vart gjennomført ved Frankfurt Big Data Lab ved Goethe Universität i Tyskland 22. – 23. januar.

Aktuelt

Transportsektoren står framfor fleire store utfordringar i arbeidet med å etablere effektive, trygge og berekraftige transportsystem. Det nye 3-årige europeiske forskingsprosjektet (Horisont 2020) skal sjå på korleis big data kan forbetre transportsystema.

Bruk av big data i transportsektoren

I prosjektet med tittelen «Leveraging Big Data for Managing Transport Operations» (LeMO) vil forskarane studere korleis big data kan brukast i utviklinga av framtidas transportsystem og bidra til ein konkurransedyktig og berekraftig europeisk transportsektor. Målet er meir sikker, effektiv og berekraftig transport.

Fem dimensjonar vil bli undersøkt: transportmiddel, sektor, teknologi, politikk og evaluering. Personvern, datasikkerheit og juridiske aspekt vil også bli sett på agendaen for å legge grunnlag for eit juridisk rammeverk for innsamling og bruk av big data i transportsektoren.

Prosjektet skal ha sju case-studiar og kome med konkrete forslag til korleis transportsektoren kan utnytte moglegheitene som ligg i big data. Arbeidet skal ende opp i ein plan som ser på behova og utfordringane til vitskap, industri, styresmakter og innbyggjarar, samt ei styringsgruppe som skal byggje vidare på resultata.

Første arbeidsmøte ved Frankfurt Big Data Lab 22. – 23. januar

Prosjektet hadde sitt første arbeidsmøte ved Goethe Universitet i Frankfurt der dei fem internasjonale samarbeidspartnarane deltok. I tillegg til Vestlandsforsking deltok Johan Wolfgang Goethe-Universität i Frankfurt, Tyskland, den belgiske samanslutninga av transportorganisasjonar, Corte, det internasjonale advokatfirmaet Bird & Bird, UK, og forskingsinstituttet Panteia, Nederland.

I møtet vart arbeidd med å rigge scenen for arbeidet med kartlegging av kor data oppstår, kor den flyt og kor den vert handsama i transportsektoren. Prosjektet skal gå i 3 år framover, og vi kjem til å høyre meir frå dette arbeidet i tida som kjem.

Horisont 2020 er verdas største forskingsprogram med 80 milliardar euro fordelt på sju år. LeMO er finansiert av EU under avtalenummer 770038. Forskingsprosjektet er leia av Rajendra Akerkar ved Vestlandsforsking.

Les meir om prosjektet på LeMO si nettside, eller kontakt koordinator for prosjektet Rajendra Akerkar