Vestlandsforsking har fått sin første doktor i reiseliv

Portrett av Agnes Brudvik Engeset
Forskar Agnes Brudvik Engeset har lenge interessert seg for distriktsreiselivet og familieeigde verksemder. I februar 2021 forsvarte ho doktorgraden sin ved NTNU - den første innan reiseliv ved Vestlandsforsking. Foto: Idun A. Husabø

– Denne doktorgraden spring på eit vis ut av somrane i heimbygda mi, seier forskar Agnes Brudvik Engeset. I februar disputerte ho ved NTNU og blei den første ved Vestlandsforsking som tek ein doktorgrad med rein reiselivstematikk.

Engeset vaks opp i Balestrand i Sogn, ei av mange norske fjordbygder med det ho kallar eit “uforholdsmessig stort” hotell. Kviknes Hotel har røter tilbake til 1877 og har vore eigd av den same familien i fire generasjonar. Som innbyggjar og sommarhjelp opplevde ho denne delen av norsk reiseliv på nært hald, og seinare vende ho tilbake til det som forskar.

Familiedrivne turistverksemder

– Eg har lenge vore fascinert av korleis dei store og familieeigde hotella klarer å overleve i desse bygdene i Distrikts-Norge, som gjerne har nokre få hundre fastbuande. Her, langt frå byane, tek dei imot gjester frå heile verda. Undringa mi over dette har vore med på å styre perspektiv og forskingsspørsmål, seier Engeset. 

Både familiedrivne fjordhotell og småskala-reiseliv knytt til norske gardar er viktige element i det fleirårige forskingsarbeidet som nyleg munna ut i ein ferdig doktorgrad avlagt ved Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet (NTNU).

Ein annleis disputas

Sjølve disputasen 5. februar var tydeleg prega av pandemien, og Engeset fekk berre ha ei handfull tilhøyrarar med seg i Trondheim. Dei to opponentane – universitetslektor Linda Lundmark frå Umeå Universitet og professor Kjell Overvåg frå Universitetet i Agder – var med digitalt. Kollegaer, familie og andre interesserte kunne likevel følgje med på prøveførelesinga og utspørjinga via Zoom, og i Vestlandsforsking sine lokale skåla kollegaer i sprudlande drikke då Engeset kryssa mållina.

Sjølv om fagmiljøet på reiseliv har fleire med doktorgrad, er Engeset den første doktoren med ein rein reiselivstematikk. Direktør Anders-Johan Almås er svært nøgd med denne styrkinga av fagmiljøet.

– Reiseliv er eitt av satsingsområda våre, og Engeset tilfører noko svært viktig, nemleg brukarnær forsking, seier han, og legg til at instituttet jobbar målretta med at fleire kvinner skal skaffe seg seniorkompetanse og ta leiarroller på forskingsområda sine.

Deltakarar i disputas
Frå venstre: Per Arne Stavnås (instituttleiar ved Institutt for geografi og leiar for disputasen), Karoline Daugstad (professor ved NTNU og rettleiar), Agnes Brudvik Engeset (nyslått doktor i reiseliv) og professor Nina Gunnerud Berg, (komitéleiar/NTNU). Foto: Alf Tore Engeset

Tilknyting til Trøndelag

Engeset er etnolog og har hatt reiseliv som forskingsområde sidan ho byrja ved Vestlandsforsking i 2008. Fordi forskinga er tverrfagleg, var det likevel ved Institutt for geografi ho avla ph.d.-graden, med professor Karoline Daugstad som rettleiar.

Avhandlinga tek utgangspunkt i forskingsprosjektet “Andre generasjon bygdeturisme”, som Vestlandsforsking leidde og utførte i samarbeid med Ruralis – Institutt for rural- og regionalforsking i Trondheim. Feltarbeidet i Trøndelag, som er del av det empiriske grunnlaget for avhandlinga, vart utført av forskarar ved Ruralis. Dei bidrog òg med analyse og publisering.

Entreprenørar og arvingar

Engeset si avhandling byggjer på ei rekkje intervju og feltarbeid med folk i reiselivet frå dei siste åra. Ein fellesnemnar har vore distriktsreiseliv –  ein annan viktig komponent er familieverksemder. 

På disputas - portrett av Agnes B. Engeset
Agnes B. Engeset under disputasen i Trondheim 5. februar. Foto: Frida Ekström

Mange av menneska ho har møtt, skapte sjølv eit levebrød ved å byggje opp turisme i tilknyting til ein slektsgard, og har levd liva sine tett på verksemda. Andre har overteke slike gardsbedrifter eller turisthotell og bore tradisjonane i familien vidare – òg gjennom vanskelege tider, som den næringa er inne i akkurat no på grunn av koronapandemien.

Når gjestene uteblir

Denne evna til å overleve vart etter kvart eit viktig tema for Engeset. Tittelen på avhandlinga – “Store tankar i små bygder? Overlevingsevna blant familiebedrifter i norsk distriktsreiseliv” – får fram nettopp spennet mellom vyene og dei uunngåelege vanskane. 

Eigarane av distriktshotella trekte fram utfordringar som til dømes oljekrisa på 1970-talet, Tsjernobyl-ulukka i 1986 og terroråtaket 11. september 2011. Alle desse hendingane førte til ein sviande nedgang i internasjonal turisme. Ein av informantane mintest at under oljekrisa, då han var barn, kom det ingen gjester i det heile; vegane var tomme for bilar. “Eg kunne sitje midt i vegen og leike”, fortalde han “ – det var heilt stilt”.

Familien bergar bedrifta

– Eitt av hovudfunna i forskinga mi er at familieeigarskap i seg sjølv bidreg til overlevingsevna, seier Engeset. Å vere eigd og driven av ein familie inneber at bedrifta har tilgang på ein spesiell form for ikkje-økonomisk kapital som kan kallast “familiekapital”. Denne kapitalen består av kunnskap og ferdigheiter hjå kvart enkelt familiemedlem, og alt dei kan oppnå ved å stå saman og arbeide i lag. 

– Viss familien har ein kreativ person og ein annan som er dyktig på gjennomføring, får ein eit godt arbeidslag, seier Engeset. 

Tenke stort

Ein annan viktig eigenskap når det gjeld å overleve i lengda, er det Engeset karakteriserer som å kunne “tenke store tankar”.

– Det kan på den eine sida bety å ha høge ambisjonar, at eigarane strekkjer seg etter stjernene. På den andre sida betyr det å greie å sjå ein større heilskap, seier Engeset. 

I det legg ho at eigarane ikkje avgrensar seg til det som er bra for bedrifta deira, men samtidig maktar å ta dei nødvendige omsyna til familien. 

– Det som tel for eigarane, er at familiebedrifta lever vidare. Dei gjer jo det dei kan for å halde familieverksemda gåande, men ikkje utan at familien har det bra. For utan familien, inga familiebedrift.

 

Les meir:

”Reiselivet har takla kriser før” – kronikk i Nationen

”Gardsturisme er ikkje som annan turisme” – artikkel på forskning.no