Hand med svarte klumpar frå eit glas
Biokol ser ut som grillkol. Det har mange fordeler som fleire ønskjer å utnytte. Foto: SIMAS/Astri Knudsen

Har du bioavfall som du ynskjer å utnytte betre? Eller er du nyfiken på korleis ein kan dra nytte av biokol til jordforbetring og klimatiltak i landbruket eller bygg- og anleggsnæringa? Eit ope nettmøte 26. mars kan gje deg nyttig innsikt.

Nettmøtet 26. mars har tittelen «Biokol frå bioavfall – nye moglegheiter for verdiskaping og klimatiltak i landbruket og bygg-/anleggsnæringa».

Vestlandsforsking og avfallsselskapet i Sogn, SIMAS IKS, inviterer både aktørar som produserer bioavfall og potensielle brukarar av biokol i landbruket, næringsmiddelindustrien eller bygg- og anleggsbransjen til ein digital workshop om korleis nye sirkulære verdikjeder frå bioavfall til biokol kan bli ein del av klimaløysinga i regionen.

Breitt samarbeid

Workshopen er ein del av forprosjektet Føniks - Frå aske til biokol – moglegheitsstudie for etablering av sirkulær verdikjede for bioavfall i Sogn. Prosjektet er finansiert av Regionalt Forskingsfond Vestland, og er eit samarbeid mellom SIMAS IKS, Statsforvaltaren i Vestland, Norsk Landbruksrådgjeving Vest, Sogn Jord- og Hagebruksskule, Kunnskapsparken Vestland, Nibio og Vestlandsforsking. Forskar Torunn G. Hønsi ved Vestlandsforsking er prosjektleiar.

Innlegg og diskusjon

Programmet rommar ein time med korte faglege innlegg om kva biokol er, korleis ein produserer det, kva avfallstypar som potensielt kan utnyttast til biokolproduksjon og kva nytteverdi biokol kan ha for landbruksnæringa og for bygg- og anleggssektoren.

Etterpå legg arrangørane opp til ein todelt gruppediskusjon, der deltakarane blir delt inn etter om dei har bioavfall som kan utnyttast til biokolproduksjon eller om dei kan vere potensielle brukarar av biokol.

– Vi vil diskutere moglegheiter og hindringar for innsamling av bioavfall, biokolproduksjon og bruk av biokol til jordforbetring og/eller klimatiltak i landbruket, grøntanlegg eller bygg- og anleggssektoren, fortel Torunn G. Hønsi.

Nyttige flishaugar

Haugar med treflis og kvinne som viser fram treflis
Klimagevinsten er soleklar: Treflis er ein nyttig og klimasmart ressurs om ein brukar det til å produsere biokol. Samtidig unngår ein at treflis tettar att stikkrenner og aukar risikoen for flaum langs vegen ved at den blir liggande i store haugar i vegkanten. Foto: Privat

I forskaren sitt nærturområde, Engjadalen i Luster kommune, har det den siste tida vore vegrydding, der kvist og kvast har blitt flisa opp og lagt i vegkanten. Eit godt døme på ein uutnytta ressurs, seier Hønsi.

– Dette er biomasse vi bør få betre ordningar for framover, slik at karbonet i treflisa kan langtidslagrast i biokol og brukast til jordforbetring og klimatiltak, forklarer ho, og peiker dessutan på ei ulempe ved flishaugar av denne typen:

Sjølv om oppflising ved skogrydding rundt vegar er fullt lovleg og vanleg, kan praksisen by på utfordringar ved kraftig nedbør og stor vassføring i bekkeløp rundt vegar ein situasjon vi får meir av på grunn av klimaendringane.

– Stikkrenner og kulvertar kan gå tette, og det er veldig dumt om dei som er ansvarlege for vegvedlikehald må koste rydding og vedlikehald av same strekning fleire gonger fordi avfallshåndteringa ved skogryddinga ikkje er betre. Så her kan vi få til ein vinn-vinn situasjon, seire Hønsi.

Får ein samla inn treflis og utnytta denne ressursen, oppnår ein altså både klimatilpassing (flaum- og skredførebygging) og reduksjon i klimagassutslepp, dersom ein altså får treflisa innatt i ei verdikjede i form av biokol. 

Inspirasjon til oppstart

Deltakarane i forprosjektet Føniks håpar å inspirere andre næringsaktørar til å setje i gang med eigne FoU-prosjekt for å utvikle verksemda si og kanskje bli eitt av ledda i ei framtidig biokol-verdikjede. Dei har difor invitert kompetansemeklar i Forregion Vestland, Øyvind Heimset Larsen ved Vestlandsforsking, til å runde av møtet med tips om stønadsordningar for dei som kan tenke seg å utvikle eigne bioøkonomiprosjekt.


Hønsi håpar på stor deltaking, og understrekar at alle kan delta på nettmøtet.

– Vi håpar at deltakarar frå offentlege oppdragsgjevarar for skogsrydding og vedvedlikehald, landbruksnæringa, næringsmiddelindustrien og bygg- og anleggssektoren vil bli med på å diskutere både moglegheiter og utfordringar for nye verdikjeder av bioavfall og biokol 26. mars, avsluttar Torunn G. Hønsi.

 

Programmet finn du her

Det er gratis å delta. Du melder deg på via denne lenkja: https://forms.gle/rtd3xhL8YcsC4AXh7