Testar ny teknologi for befolkningsvarsling

Foto
A multi-platform approach lies at the core of the R&D projet Public Warning System. WNRI's main role is within testing and evaluating.

Når det skjer noko alvorleg, hastar det å få varsla folk i området. I eit nytt, stort prosjekt bidreg Vestlandsforsking til testing av ny teknologi for befolkningsvarsling. Systemet er utvikla av eit selskap i Nordfjord og tek utgangspunkt i DAB-nettet.
– Prosjektet knyter saman Vestlandsforsking sine tre hovudområde, seier Anna Maria Urbaniak-Brekke, som koordinerer instituttet sitt bidrag.

Situasjonane ein kan sjå for seg er mange, frå naturhendingar som flaum og skred til industriuhell eller terroråtak. Uansett hending er det vesentleg å få varsla dei som bur og ferdast i eit område, og det raskt. Det siste tiåret har utsending av tekstmeldingar gradvis blitt ein del av naudetatane og styresmaktene sitt opplegg, men dagens system har mange manglar. No seglar DAB-teknologi opp som eit godt supplement til varsling når det skjer noko alvorleg.

Manglar effektivt system

– Utgangspunktet er at styresmaktene manglar gode nok varslingssystem i dag, seier Geir Gjørsvik. Han er dagleg leiar i Paneda, verksemda som stiller med DAB-kompetanse i det store FoU-prosjektet «Public Warning System» som nyleg starta opp.

Ramma er 18 millionar, i hovudsak løyvd av Noregs Forskingsråd og partnarane sjølv. I tillegg til Vestlandsforsking deltek Telenor og verksemdene Fram Web og Tectal. Prosjektet er dessutan i kontakt med Fylkesmannen i Vestland, Statens vegvesen og Aurland kommune.

Ein ting er at mobilnettet ofte er ute av drift når det trengst mest – til dømes ved ekstremvêr, når straumen går eller mange brukar nettet samtidig slik at mobilnettet blir overbelasta. Eit anna problem er å nå folk som ikkje lyttar til radio, ikkje har med seg mobiltelefon eller ikkje brukar mobiltelefon.

I tillegg kan det ta tid før naudetatane er framme på staden, og før ein får evakuert store folkemassar.

Mange plattformar på ein gong

Det som starta med ein god idé og eit lite firma i Selje, har på nokre år vakse til ei livskraftig verksemd med fleire systerselskap. Varslingssystemet dei jobbar med, er dei åleine i verda om.

Dei brukar dessutan eksisterande infrastruktur – det nasjonale DAB-nettet som alt er utbygd.

Foto
Geir Gjørsvik i Paneda AS.

– Dette er rekna som det mest robuste nettet i Norge. Vi sikrar det òg mot hacking, seier Gjørsvik.

Der ein tidlegare satsa på varsling via SMS-ar og automatisk oppringing til fasttelefonar, går dette varselet til ei rekkje plattformar: mobiltelefonar, radioar, SMS, sosiale medium – men òg infotavler, vegsperringar, leielys, høgtalarar og sirener.

Slik kan ein, på få sekund, nå langt fleire enn med dagens metodar.

– Ein kan utløyse varselet på nasjonalt, regionalt eller lokalt nivå, utdjupar Gjørsvik.

Rask og roleg evakuering

Tenk deg til dømes at du går langs Byggen i Bergen under Tall Ships’ Races, med fleire titals tusen menneske frå alle verdsdelar i hamneområdet. Brått skjer det noko som gjer at alle må kome seg vekk frå hamna snarast råd.

Med det nye systemet for befolkningsvarsling på plass, vil politiet kunne starte evakueringa straks etter at å ha trykt på startknappen. Sirener og høgtalarar plasserte rundt hamna vil gi informasjon på fleire språk om kva folk skal gjere. Sterke leielys viser veg til evakuerings soner, systemet tek over informasjonsskjermane på kjøpesentera, butikkar og andre stadar og gir informasjon som alle kan forstå. Køyretøysperrer kjem opp frå bakken og hindre uønskte bilar i å kome inn i området. Trafikklysa blir overstyrte slik at dei stansar biltrafikken inn mot sentrum.

Samstundes går det ut SMS til alle som er i området og til kommuneleiinga og andre som skal varslast ved slike hendingar. Mange fleire tiltak kan settast inn, alt etter kva Bergen kommune har lagt opp til i sin beredskapsplan. 

– Under ei slik hending er det tre ting som er avgjerande for eit varslingssystem: at nettet er robust og toler belastninga; at ein kan varsle på fleire plattformer samtidig (lyd, bilde, tekst, SMS og opning/lukking av vegbommar), og det kanskje aller viktigaste: Ein kan på få sekund sende eit varsel, uansett kor i landet det skal ut, seier dagleg leiar Geir Gjørsvik.

Forsking, innovasjon og næringsliv

Foto
Eit anna stort forskingsprosjekt, Teknoløft, var avgjerande for å få med verksemder i PWS-prosjektet, fortel Øyvind Heimset Larsen ved Vestlandsforsking.

Det står att litt arbeid for at denne varslingsteknologien skal kunne bli ein del av det nasjonale systemet for befolkningsvarsling. Styresmaktene har planar om å få på plass eit slikt system, og PWS er etter alle solemerke ein interessant kandidat.

Testing, evaluering og justering er eit vesentleg punkt i arbeidet Vestlandsforsking skal gjennomføre dei neste to åra. Når varslinga i 2021 skal prøvast ut i eit utvalt geografisk område,  blir Vestlandsforsking si rolle mellom anna å intervjue folk som fekk ulike typar varsel i øvinga, til dømes om korleis dei oppfatta varslinga.

– I tillegg vil Vestlandsforsking bidra i arbeidet med å satse internasjonalt. Vi har meir enn 20 års erfaring med internasjonalt arbeid i FoU-prosjekt og med rolla som støttemiljø i EU-nettverk Sogn og Fjordane, seier Øyvind Heimset Larsen, forskar ved Vestlandsforsking. Han fortel at prosjektet om befolkningsvarsling er eitt av svært få store såkalla IPN – innovasjonsprosjekt i næringslivet – som verksemder i tidlegare Sogn og Fjordane deltek i.

– Ressursar frå eit anna stort Forskingsråd-prosjekt, Teknoløft Sogn og Fjordane, var avgjerande for å mobilisere partnarskapen til å satse på og lukkast med søknaden, seier Larsen.

Relevant for instituttet

Klimaforskarane ved Vestlandsforsking, som no driv Noradapt (Norsk senter for berekraftig klimatilpassing), var for rundt 10 år sidan med på å teste befolkningsvarsling i Aurland saman med Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Også i dette prosjektet er Aurland eit viktig testområde. Kommunen har høge fjell, smale fjordar og blir besøkt av fleire hundre tusen turistar kvart år, samtidig som det er ei sentral ferdselsåre mellom aust og vest.

Foto
Turisme, topografi og trafikk gjennom området gjer Flåm i Aurland til ein svært interessant stad å teste befolkningsvarsling. (Skjermdump frå Paneda sin film om testing i Aurland)

Det gjer at lista over tenkelege krisesituasjonar er lang: Alvorlege tunnelbrannar har førekomme i nær fortid, området har mange turistar og det ville fjord- og fjellandskapet er utsett for skred og flaum, med Flåm i 2014 som eit nokså ferskt døme. Kommunen har dessutan i fleire år budd seg på at ei flodbølgje kan truge fjordbygder dersom det ustabile fjellpartiet Stampa skulle rase ut i fjorden. Her spelar auka nedbør og klimaendringar ei rolle som utløysingsfaktor.

– Prosjektet er ekstra spennande for Vestlandsforsking fordi det knyter saman dei tre hovudområda våre: reiseliv, teknologi og samfunn og klima og miljø, seier Anna Maria Urbaniak-Brekke, som koordinerer Vestlandsforsking sitt bidrag.