Skal finne dei beste kultur- og idrettsløysingane for nye Asker
Nye Asker kommune treng svar på korleis dei best kan legge til rette for kultur, idrett og friluftsliv. I eit nytt prosjekt skal Vestlandsforsking og Telemarksforsking skaffe kommunen oversikt over måtane det kan gjerast på.
Eit rikt tilbod innan kultur, idrett og friluftsliv er noko av det som gir innbyggjarane i ein kommune eit godt liv. Når kommunekarta blir teikna om, slik mange opplevde i 2020, er det viktig at dei nye kommunane tek seg tid til å finne gode måtar å gjere ting på. Det gjeld òg oppgåver som å drive, finansiere og gi tilskot til aktørar som idrettslag og skulekorps.
Ein av dei største kommunane
For Asker kommune finst det ulike modellar å velje mellom. Ved årsskiftet vart den nye kommunen etablert på tuftene av tre eksisterande kommunar: Hurum, Røyken og Asker. Nye Asker er landets åttande største kommune, med nesten 95 000 innbyggjarar.
Direktør for medborgarskap, Kristin Marie Felde, skildrar Asker som ei stor kultur- og idrettsbygd med eit breitt tilbod av lag og foreiningar og aktivitetar som når mange. Kommunen har melom anna nesten 170 idrettsanlegg. I tillegg kjem to store kulturhus og heile 14 kyrkjer.
– Det er store skilnader i måten dei tre gamle kommunane har tenkt investering i, og drift av anlegg og infrastruktur. Dei har også hatt ulike modellar for tilskot og andre støtteordningar for lag og foreiningar, og direkte til tiltak og aktivitetar. Dette skal vi no harmonisere, fortel Felde.
Den nye politikken som skal utformast på dette feltet, skal vere framtidsretta, men òg berekraftig. Politikken må altså stå seg over tid, og vere i tråd med dei prioriterte berekraftsmåla til FN.
– Eit viktig mål er å bidra til å utjamne sosiale forskjellar, slik at flest mogeleg kan delta lengst mogeleg, understrekar Felde.
To institutt samarbeider
For å få gjort eit grundig forarbeid, hyrar Asker kommune inn forskarar frå Vestlandsforsking og Telemarksforsking. Oppdraget dreier seg om å finne fram til dei beste drifts-, tilskots- og samarbeidsmodellane for idrett, kultur og friluftsliv.
Forskarane som skal gjennomføre studien, er Torkjel Solbraa og Anna Maria Urbaniak-Brekke ved Vestlandsforsking. Med seg har dei Ola Kveseth Berge og Hanna Nyborg Storm ved Telemarksforsking. Dei neste to månadene skal dei samle inn og analysere data for å ha eit solid grunnlag for å presentere kva som vil vere dei beste modellane for Asker kommune.
Anna Maria Urbaniak-Brekke, som leier prosjektet, skreiv ei doktorgradsavhandling om kommunars tilrettelegging for fysisk aktivitet blant innbyggarar. Både problemstilling og føremål låg nært opptil arbeidet ho skal gjennomføre for Asker. Torkjel Solbraa har erfaring frå prosjekt om både friluftsliv og kultur, mens forskarane frå Telemarksforsking utført ei rekkje kulturprosjekt. Telemarksforsking står bak Norsk kulturindeks 2019, og har nyleg publisert resultata for Nye Asker kommune.
Ser på dei tidlegare kommunane
For forskarane blir det viktig å undersøke korleis ein løyste ting i Hurum, Røyken og Asker før samanslåinga, både når det gjeld organisering og finansiering av aktivitetar. På dette grunnlaget kan dei utarbeide forslag til samarbeids-, drifts- og tilskotsmodellar i den nye kommunen.
Forskarteamet skal analysere det som finst av dokumentasjon, intervjue tilsette i kommuneadministrasjonen i dei tidlegare kommunane og utarbeide ei spørjeundersøking for å hente inn svar frå frivillige, offentlege og kommersielle aktørar innan idrett, friluftsliv og kultur.
Ingen fysiske møte
Den noverande situasjonen gjer at heile prosjektet blir gjennomført utan at forskarane har fysiske møter med dei som skal intervjuast. Møta i prosjektet blir òg gjennomførde på nettet. Sjølv om slike avgrensingar kan vere utfordrande, legg forskarane opp til at studien skal følgje det oppsette tidsskjemaet. Det vil seie at resultata truleg blir lagt fram i juni. Rapporten vil bli tilgjengeleg på Vestlandsforsking sine nettsider.