Nyskapande for transportsektoren

LeMo møte-deltagere, september 2019

Det femte generalforsamlingsmøtet for EU-prosjektet «Leveraging Big Data for Managing Transport Operations» (LeMO) vart halden i Sogndal 5. og 6. september, arrangert av Vestlandsforsking ved Rajendra Akerkar. (t.h)

Deltakarene arbeider mellom anna med framtidig bruk av stordata for å føresjå og hindre kødanning, vegstengingar og andere problem i transportsektoren.
– Heile teamet presenterte imponerande framsteg, vi har nådd viktige milepælar. Partnarane diskuterte og vart samde dei neste kommunikasjons- og formidlingsaktivitetane og arrangementa for prosjektet vårt, seier prosjektkoordinator Rajendra Akerkar. 

Praktisk nytte

Prosjekt LeMO fekk løyvt 1,4 millionar euro i 2017 og er eit Horisont 2020-prosjekt.Gjennom sju case-studiar skal forskarane kome med konkrete forslag til korleis transportsektoren kan utnytte moglegheitene som ligg i stordata. Ved lanseringa understreka Akerkar den praktiske nytta ein ventar å få av denne forskinga.

– Det finst enorme mengder relevante data som kan brukast til å føreseie kvar det er størst behov for kollektivtransport eller korleis syklistane vil oppføre seg på nye sykkelvegar. Sanntidsinformasjon kan også fortelje oss kva vegar som er stengde på grunn av uvêr og kvar det er ledige parkeringsplassar, understrekar han.

Les meir på prosjekt LeMo sine sider