Frå klimakrise til ny næringsvekst

Tone Rusdal og Torunn G. Hønsi

Under Klimaomstillingskonferansen 2019 i Sogndal 23.–25. april møttest deltakarar frå næringsliv, styresmakter og forskingsmiljø til eit arbeidsseminar med fokus på korleis klimakrisa kan også opne for nye produkt, tenester og næringsutvikling i Sogn.

Vestlandsforsking leia seminaret, som del av eit prosjekt for Sogn regionråd.
– Vi har kartlagt og systematisert kva for teknologiske løysingar næringslivet innerst i Sognefjorden har teke i bruk, eller treng, for å møte utfordringane klimaendringar medfører, seier prosjektleiar Torunn G. Hønsi.

Eit mål er å utvikle klimatilpassingsteknologi som kan gje verdiskaping og næringsutvikling i dei ni sognekommunane.
– Vi har fått ein unik posisjon innan klimatilpassing her i Sogn, med etableringa av det nye kunnskapssenteret for berekraftig klimatilpassing, Noradapt, seier Hønsi. Ei av oppgåvene Noradapt skal ha, er å stimulere til næringsutvikling som kan møte behova samfunnet får i eit endra klima, seier Hønsi.

Lærdal og verda

Harald Blaaflat Mundal frå Lærdal Grønt viste i sitt innlegg til korleis lokale bønder har funne kreative løysingar på både gamle og nye klimautfordringar, gjennom samarbeid med oppfinnarar og kollegaer i inn- og utland. No brukar dei relativt små gardane både vindsikre dyrkingstunnellar og bøttestore «stearinlys» som naudsikring ved akutt frost under fruktblomstringa.
– Med auka temperatur kjem også insekt vi normalt ikkje har hatt så langt nord, slik at vi no må bruke insektnett, og ikkje berre fuglenett, over morellavlingane, fortalde han. Han trakk fram at nye teknologiske løysingar kan vera alt frå små «Petter Smart»-dingsar til avansert ny robotteknologi som til dømes kan overvake og røkje spesielt sårbare avlingar.

Gode støttefunksjonar

Prosjektmedarbeidar Tone Rusdal frå Vestlandsforsking la fram førebelse resultat frå prosjektet i sitt innlegg, med særleg vekt på mange klimatilpassingstiltak i landbruksnæringa. I løpet av eit par veker vil forskarane samstille alle funna sine og bidra med konkrete råd for vegen vidare til Sogn regionråd. Innovasjon Norge viste fram døme på nye prosjekt dei har støtta innan norskutvikla klimatilpassingsteknologi, men innrømma at deira føringar og fokus til no har vore størst på tradisjonell miljøteknologi eller utsleppsreduserande teknologiar. Dei lova støtte på mange plan til grundarar som sit med nye løysingar på aktuelle klimaproblem i samfunnet. Sintef Byggforsk ga råd og oppdateringar om kva nye krav klimaendringane følgjer med seg i byggeprosjekt, og Menon Economics sette bruk av naturbaserte løysingar for å handtere meir nedbør på dagsorden.   

Omstillingsval

Vestlandsforsking er mellom arrangørane av Klimaomstillingskonferansen, og bidrog, i tillegg til dette arbeidsseminaret, med førelesingar og andre arrangement under konferansen. Den vart arrangert i Sogndal for fjerde gang og samla over 200 personar frå heile landet over tre  dagar. Tema for årets konferanse var «Omstillingsval».